Hopp til innhold

Får orsaking for det som hende då Sebastian døde

Foreldra til Sebastian Gils Ødegaard, som døde i helikopteret på veg frå Kristiansund til St. Olavs Hospital i februar 2015 får ei orsaking frå Helse Møre og Romsdal. Det var eit alvorstynga styre som fekk saka på bordet i dag.

Ida Gils Ødegaard - sebastian

Foreldra til Sebastian Gils Ødegaard blir invitert til Helse Møre og Romsdal for å få ei orsaking frå helseforetaket. Biletet er teke i samband med ein tidlegare reportasje om Sebastian og familien hans.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det har gått nesten to år sidan Sebastian Gils Ødegaard døde i helikopteret på veg til St. Olavs hospital i Trondheim. Etter kraftig kritikk frå Helsetilsynet har Helse Møre og Romsdal hatt åtte veker på seg til å kome med tiltak.

– Dette er den tyngste saka på sakskartet i dag. Kritikken er tung, ikkje minst i lys av følgjene. Alvoret er understreka til det fulle. Vi har lagt oss på ei linje der vi tek sjølvkritikk og vi er førebudde på å ta ansvar. Vi vil lære, forbetre og arbeide med dette, sa administrerande direktør Espen Remme under opninga av saka.

Administrerande direktør Espen Remme lova foreldra til Sebastian Gils Ødegaard er orsaking for det som hende.

Som systemansvarleg i Helse Møre og Romsdal kan eg ikkje legge opp til anna enn å be foreldra til Sebastian om å be om orsaking.

Sebastian

Sebastian Gils Ødegaard døde på veg frå Kristiansund til St.Olavs Hospital i Kristiansund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ikkje forsvarleg helsehjelp

I rapporten frå Helsetilsynet kom det fram fleire brot på spesialisthelselova. Den ti månader gamle guten fekk ikkje forsvarleg helsehjelp. Helsetilsynet foreslår foretaksstraff. Saka er framleis under politietterforsking og om kort tid sender også politiet si innstilling til statsadvokaten.

Risiko-analysar

Styret i Helse Møre og Romsdal fekk i dag ein gjennomgang av rapporten. I vedtaks form tek styret inn over seg at at helseforetaket gjennom svikt og manglar ikkje gav forsvarleg helsehjelp til eit barn på ti månader. Den manglande helsehjelpa førte til at Sebastian Gils Ødegaard døde.

– Det lettaste ville ha vore å forsvare seg. Her er det heilt rett å kome med ei orsaking. Vi må sjå på den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysane, sa styremedlem Kirsti Slotsvik.

– Utfordringa er om vi klarer å ha analysar som fangar opp all risiko heile tida. Vi har ein lang veg å gå når det gjeld risiko og sårbarheitsanalysar, sa styreleiar Stein Kinserdal.

Tidlegare fagdirektør i Helse Møre og Romsdal hevda at risiko-og sårbarheitsanalysane kring stenginga av barneavdelinga i Kristiansund var på plass.

Det som mangla var ein ROS-analyse av det totale bildetet, med alt anna som gjekk føre seg. Og dette har vi fått kritikk for, sa Veddeng.

Tiltak

No skal Helse Møre og Romsdal gjennomføre både kortsiktige og langsiktige tiltak som følgje av Sebastiansaka.

– Dette gjeld for eksempel i deler av året der det er mykje infeksjonar. Då må for eksempel bemanninga styrkast. Det har vi gjort no med ei dagvakt på laurdagar og søndag. Under slike situasjonar så påkvilar det direktør, fagdirektør og klinikksjef å gripe fatt i slike situasjonar, sa administrerande direktør Espen Remme.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL