Hopp til innhold

Hegerberg kastar seg inn i sjukehuskrig: – Dette er kvinnekamp på sitt ypparste

Verdas beste fotballspelar og familien hennar stiller seg bak den nye «Bunadsgeriljaen», som kjempar mot nedlegging av fødetilbodet på Nordmøre.

Fam Stolsmo Hegerberg

BUNADSGERILJA: Ada Stolsmo Hegerberg, Gerd Stolsmo og Andrine Stolsmo Hegerberg støttar «Bunadsgeriljaen». Her er dei kledde i nordmørsbunadar i ein tidlegare samanheng. Men støtta til geriljaen er altså fersk.

Foto: Privat

– Hurra for Bunadsgeriljaen med stor B, som viser at det nyttar å mane til felles kamp for ei sak som vi trur på. Denne gongen mot at fødeavdelinga i Kristiansund blir sletta med eit pennestrøk og på eit avgjerdsgrunnlag som trekkast sterkt i tvil.

Slik startar oppropet Ada Stolsmo Hegerberg, kåra til verdas beste fotballspelar i fjor, har signert saman med søstera Andrine og mamma Gerd Stolsmo og som dei har sendt til NRK.

Bitter sjukehusstrid

SOCCER-BALLON/

Ada Stolsmo Hegerberg vann Gullballen som bevis på at ho var verdas beste fotballspelar i 2018.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Denne våren har ein lang og bitter sjukehusstrid blussa opp igjen på Nordvestlandet.

I 2014 vart det vedteke at det skal byggast eit fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal i Molde.

27. mars i år vart det derimot vedteke at fødeavdelinga i Kristiansund blir lagt ned allereie i sommar.

Det vil seie at ein står utan eit fødetilbod på Nordmøre og at fødande i staden må køyre til Molde. For mange gjer det vegen til fødestova mykje lengre.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er også mot nedlegginga av fødetilbodet på Nordmøre.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Dette har sett sinna i kok hos mange. Mellom anna har Ole Gunnar Solskjær, som er frå Kristiansund, kasta seg inn i debatten. Og den siste veka har ein heilt spesiell «bunadsgerilja» sett dagens lys.

Hundrevis av kvinner har kledd seg i bunad for å vise motstand mot vedtaket om å legge ned fødetilbodet.

– Ikkje salderingspost

Og det er altså her familien Stolsmo Hegerberg kjem inn i biletet.

Stile opp på kamp i bunad

Mange møtte opp i bunad under Kristiansund sin heimekamp mot Vålerenga søndag.

Foto: Svein Junge / NRK

– Dei manar til kamp med ein symbolikk som slår, vårt vakre nasjonalplagg nordmørsbunaden. Dette er kvinnekamp på sitt ypparste – kamp mot at vi kvinner ikkje finn oss i å vere ein salderingspost, står det vidare i oppropet signert Team Stolsmo/Hegerberg.

Familien er frå Sunndal på Nordmøre. For dei i Sunndal er det ikkje nødvendigvis så mykje lenger til Kristiansund enn Molde. Men for familien Stolsmo/Hegerberg handlar dette altså om meir enn geografi. Det viktigaste er kvinnekampen.

– Vi har følgt denne saka tett. Her er det tatt ei avgjerd på feil grunnlag. Fødetilbodet er eit lett bytte når ein skal spare pengar, utdjupar Gerd Stolsmo.

France Golden Ball

Ada, Gerd og Andrine fotograferte då Ada vann Gullballen i 2018.

Foto: Christophe Ena / AP

Utset vedtaket

Torsdag ettermiddag kom nyheita om at administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, vil foreslå for styret i helseføretaket å utsetje gjennomføringa av samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

Saka skal opp i styret 15. mai.

– Men vedtaket om å gjennomføre ei samanslåing av fødeavdelingane i god tid før innflytting i nytt sjukehus på Hjelset står framleis fast, skriv Remme i ei pressemelding.

Det er ikkje klart når sjukehuset på Hjelset, som ligg i Molde kommune, er ferdig.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL