Hopp til innhold

Signe (18) fekk gåve av Hegerberg – no kan ho erstatte sitt store idol

Eit stjernemøte for åtte år sidan har brent seg fast i minnet til Signe Gaupset. No kan 18-åringen vere Ada Stolsmo Hegerberg sin erstattar.

Ada Hegerberg og Signe Gaupset møtte hverandre da Gaupset var 11 år.

MINNE FOR LIVET: Eit møte mellom Ada Hegerberg og Signe Gaupset, som på biletet var ti år gammal.

Foto: Privat

Heime, ståande framme på hylla, har landslagsdebutant Signe Gaupset eit par signerte fotballsko. Signaturen tilhøyrer Ada Stolsmo Hegerberg.

Eit gammalt bilete av Gaupset og Hegerberg er grunnen til at stjerneskotet fekk skoa for eitt år sidan.

Ada Hegerbergs gamle fotballsko

SIGNATUREN TIL IDOLET: Den signerte Hegerberg-skoen Gaupset har heime på hylla.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen

No er 18- og 28-åringen teke ut på landslaget saman for aller fyrste gong, åtte år etter at deira første møte blei foreviga.

– Eg ser ikkje på meg sjølv som så mykje eldre enn Signe. Eg kjenner eg framleis er i ein ganske ung alder, seier Hegerberg om biletet i dag.

Ho legg til:

– Men det er vittig.

Under landslagssamlinga viste NRK videoen av Gaupset som fortel om skoa til Hegerberg:

Hegerberg-krav til Gaupset

Dei møtte kvarandre i gruppespelet i meisterligaen i desember då Brann målte krefter med verdsstjernene i Lyon.

Tre minutt på overtid i heimekampen dukka nettopp Gaupset opp og sikra poeng med si 2-2-skåring.

– Eg sa til ho at ho måtte bli tatt ut på landslaget slik at eg skulle få helse på ho, ler Hegerberg.

Brann-spillerne jubler etter utlikning mot Lyon på Åsane Arena.

For at 18-åringen skal få nokon nye sko vil Hegerberg ha noko tilbake.

– Ho får ikkje eit par til med det første. Nokre målgivande pasningar så skal ho få eit par til, smiler Hegerberg.

T0Rsa1HhiyA

RÅD TIL GAUPSET: Hegerberg skåra mot Brann i meisterligaen. Ho rår Gaupset til å senke skuldrene på den første landslagssamlinga til 18-åringen.

Foto: NTB

– Ja, det er på sin plass. Ho har vore snill og gitt eit par signerte sko. Det er på sin plass at ho får noko tilbake for det. Ho skal få nokre målgivande pasningar, svarer Gaupset med eit smil.

Dei målgivande pasningane frå Gaupset til Hegerberg må nok vente litt. Dersom 18-åringen får debuten med flagget på brystet mot Kroatia er det nokon andre ho må servere.

Får Gaupset-debuten? Følg og høyr Noreg mot Kroatia tysdag kl. 18.00.

– Ei moglegheit for Signe

Med både Ada Stolsmo Hegerberg og Caroline Graham Hansen utilgjengelege til returoppgjeret mot Kroatia i Stavanger blir Grainger tvungen til å gjere endringar.

Gaupset sat på benken i 3-0-sigeren over Kroatia, men med skadane og faktum at Noreg har fått eit godt utgangspunkt, aukar sjansane for at landslagsdebuten kjem tysdag.

h-zIDpawtRw

ROS: Landslagssjef Gemma Grainger kjem med mange kompliment i retning Gaupset.

Foto: NTB

– Denne kampen er ei moglegheit for Signe og for dei andre spelarane, seier Grainger.

På pressekonferansen før tysdagens kamp mot Kroatia roste landslagssjefen 18-åringen for å vere uredd. Ein eigenskap ho allereie har sett på trening.

– Signe er fryktlaus når ho spelar for Brann. Vi vil at ho skal vere det her også. Vi vil at ho skal vere seg sjølv. Når ho spelar som seg sjølv er ho fri. Og det har vi sett under denne samlinga, seier briten.

Les også NRK-børsen: – Endelig skinner våre største stjerner samtidig

Landskamp fotball Norge - Kroatia

Blei skjerma

Før sigeren mot Kroatia fredag blei Brann-spelar Signe Gaupset skjerma frå pressa. Etter kampen sa ho det har vore herleg å kunne fokusere på det viktige.

Signe Gaupset på landslagstrening i Stavanger

SMILER PÅ SAMLING: Gaupset på trening i Stavanger måndag.

Foto: NTB

– Eg har eigentleg ikkje tenkt så mykje på det. Trenarar og støtteapparat har teke seg av det. Men det har vore fint å kunne konsentrere seg om fotball og vere på samling, seier Gaupset.

Før kampen svara landslagssjefen Gemma Grainger på spørsmål om kvifor 18-åringen blei skjerma. Ho seier det var av naturlege grunnar.

– Det er viktig at ho skal finne seg til rette her og kjenne seg komfortabel. Det er viktig at ho kan fokusere på trening og bli kjent med miljøet her.

Les også Kun et tidsspørsmål før Norge får en brutal realitetsorientering

Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal