Hopp til innhold

Havila Kystruten vil ta over «Havila Capella» med tvang

Kystruteskipet som skulle trafikkert kysten mellom Bergen og Kirkenes har lege til kai sidan april. No ser selskapet seg nøydde til å gå rettens veg for å kome i drift igjen.

Havila Capella

Havila Capella skulle ha gått i rute mellom Bergen og Kirkenes, men har i staden lege til kai i Bergen i over to månader.

Foto: Privat

I over to månader har skipet lege stille. Fleire rundturar er kansellerte, og hundrevis av passasjerar har fått reisa sin avlyst.

Kystruteskipet «Havila Capella» er eigd av det russiske leasingselskapet GTLK. Då dette selskapet blei råka av sanksjonar mot Russland grunna krigen med Ukraina, vart skipet liggande fast i Bergen. Havila fekk ikkje drive eit skip som var russisk eigd.

Med dispensasjon frå Utanriksdepartementet, såg det lysare ut for hurtigrutekonkurrenten. Men også forsikringsselskapet måtte få dispensasjon frå sanksjonane. Skipet kunne ikkje gå utan å vere ordentleg forsikra. Dette fekk dei avslag på.

Havila Kystruten har difor vore nøydde til å finne ei anna løysing.

MS Havila Capella ved kai i Bergen

Havila Kystruten håpar no å få forsikra skipet i sitt eige namn, og ta over eigarskapet.

Foto: Atle Markeng / NRK

Får ikkje handle med Russland

Havila Kystruten skriv i ei pressemelding at dei har snakka med det russiske eigarselskapet GTLK for å prøve å gjere ein avtale. Men dei ser seg no nøydde til å gå til retten for å bli formelle eigarar av skipet «Havila Capella».

Sanksjonane som EU og Noreg innførte mot Russland etter krigen mot Ukraina, gjer nemleg at Havila ikkje har lov til å kjøpe ut skipet frå det russiske selskapet. Noreg skal ikkje handle med Russland. Havila vil difor finne ut om dei kan overføre pengane på ein måte som gir dei eigarskap til skipet, samtidig som dei følgjer sanksjonsreglane.

Avtalane mellom Havila Kystruten og det russiske selskapet er regulert av engelsk lov, og Havila skriv at dei ventar avklaring frå engelsk rett innan rimeleg tid.

Vil ta skipet med tvang

Ivrige etter å få forlate kaia i Bergen, har kystruteselskapet også levert eit krav til Hordaland Tingrett. Dei vil at retten skal ta «Havila Capella» i arrest, slik at Havila Kystruten kan få bruksrett på skipet. Då vil dei kunne forsikre det i sitt eige namn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL