Hopp til innhold

Nye problem for Havila Kystruten

Kystruten skulle bli Hurtigruta sin konkurrent langs kysten. Men problema har stått i kø for selskapet. No har UD gitt avslag på å forsikre skipet «Havila Capella».

Havila Capella ligger til kai på Bontelabo

AVSLAG: Havila Kystruten får ikkje dispensasjon for å forsikre skipet «Havila Capella».

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Hurtigrute-konkurrenten Havila Kystruten har opplevd konkursar, forseinkingar og problem som følge av korona. I desember kunne selskapet endeleg starte å segle langs kysten. Men sidan har dei støtt på ein rekke problem.

«Havila Capella» er nemleg finansiert av eit russisk leasingselskap, og blei i april ramma av sanksjonane mot Russland.

26. april fekk Havila Kystruten dispensasjon frå Utanriksdepartementet frå sanksjonsforskriftene slik at dei kunne segle med «Havila Capella» i seks månader.

Dermed var det håp om at skipet som har lege ved kai i Bergen sidan 12. april, snart kunne få segle igjen. Men dei måtte også få dispensasjon for å kunne forsikre skipet. Dette skal dei no ha fått avslag på.

Det er naturleg svært skuffande, og gjer at vi framleis har ein uavklart situasjon for «Havila Capella», seier Bent Martini, administrerande direktør i Kystruten.

Ifølge Havila skal grunngjevinga for avslaget vere at det å teikne forsikring i seg sjølv vil innebere at ei formue blir stilt til rådvelde for den registrerte eigar. Ein eigar som er listeført som sanksjonert i Noreg.

Les også «Havila Capella» avlyser igjen: – Ingen god situasjon

Havila Capella ligger fortøyd til kaien på Bontelabo.

Stiller seg undrande til UD

Kystruten skal drifte seglasane langs kysten på bestilling frå Samferdselsdepartementet.

Dei fire skipa, som Havila Kystruten etter planen skal segle langs kysten med, har ein samla verdi på rundt 4 milliardar kroner. Havila har jobba for å refinansiere skipet etter at dei blei ramma av sanksjonane mot Russland. Men dette tek tid.

Bent Martini

SKUFFA: Bent Martini seier det er skuffande at dei har fått avslag dispensasjon for å forsikre skipet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Etter kvart fekk Havila Kystruten likevel dispensasjon frå UD til å segle «Havila Capella» i seks månader, medan dei jobbar vidare med refinansiering av skipet.

Martini, stiller seg difor undrande til Utenriksdepartementet si vurdering om å ikkje godkjenne forsikringa, samtidig som dei har gitt dispensasjon til å drifte skipet.

Vi kan ikkje segle utan gyldig forsikring. Vi kan ikkje gjere anna enn å akseptere myndigheitene si vurdering, men er ueinige i avgjerda, seier han.

Havila Kystruten vektlegg at det ikkje vil vere eigaren som får ei utbetaling, skulle det skje ei ulykke.

Slik sanksjonane er sett opp, vil ikkje ei eventuell forsikringsutbetaling kome skipet sin registrerte eigar til gode. Ved eit totalhavari, er det andre partar som vil få forsikringsutbetalinga, seier Martini.

– Vi har forståing for at Havila står i ein krevjande situasjon

Til NRK seier pressetalsperson i UD, Mari Bangstad, at dei har stor forståing for at Havila står i ein krevjande situasjon, men at dei har konkludert med at det ikkje er grunnlag i sanksjonsregelverket for å innvilge dispensasjon.

– Teieplikta gjer at Utanriksdepartementet ikkje kan kommentere konkrete faktiske forhold i saka. På generelt grunnlag kan vi seie at dispensasjonssøknader kan slå ut ulikt vurdert opp mot den fordelen ein sanksjonert person eller selskap kan få ved ein dispensasjon, seier Bangstad.

Jobbar med refinansiering

Lasse A. Vangstein, kommunikasjonsansvarleg i Havila Kystruten, seier at det framleis er uklart kor lang tid det vil ta å refinansiere «Havila Capella».

– Vi har jobba med dette sidan februar, men det er komplekst og tidskrevjande og refinansiere eit skip til 1,2 milliardar kroner. Den beste løysinga hadde vore at skipet ikkje var eigd av eit sanksjonert selskap, og det er det vi jobbar med, seier han.

Les også «Sanksjonsfast» norsk skip sier de snart kan seile – nå møter de et nytt problem

Gir ikkje opp

Problema med forsikringa fører også til at dei blir nøydd til å kansellere også den neste rundturen med «Havila Capella». Den skulle gå frå Bergen 15. mai.

– Vi kjem til å jobbe vidare for å finne ei løysing slik at skipet kan segle igjen. Inntil vi har klart kva handlingsrom vi står ovanfor, er det vanskeleg å gi noko meir informasjon no, seier Martini.

Systerskipet til Havila Capella, «Havila Castor», er finansiert på ein anna måte og tek sin første seglas som planlagt frå Bergen tysdag 10. mai.

Les også Havila Kystruten må kansellere endå ein rundtur

Havila Capella

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL