Hopp til innhold

Her jaktar dei på egg frå rømt oppdrettstorsk

Forskarar skal finne ut om rømt oppdrettstorsk kryssar seg med villtorsken. Det kan påverke overlevingsevna til avkommet.

Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet samlar inn torskeegg saman med Fiskeridirektoratet på båten Fjorgyn i Voldsfjorden

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet hentar opp torskeegg frå fjorden med ein stor håv. I området rømte 87.000 oppdrettstorsk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ein stor håv blir senka ned på 50 meters djupn i Voldsfjorden i Volda. Det er ikkje fisk forskarane vil fange, men ørsmå torskeegg, som knapt er synlege.

– Egga blir spreidde rundt om i vatnet, så vi tek prøver der vi trur torsken gyt, seier Terje van der Meeren. Han er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.

No står han på dekk i termodress og hentar opp prøve etter prøve frå sjøen.

Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet samlar inn torskeegg i ein stor håv
saman med Fiskeridirektoratet på båten Fjorgyn i Voldsfjorden

Før prøvene blir henta i land blir den store håven spylt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rømt torsk kan vere kjønnsmoden

Hausten 2022 rømte 87.000 oppdrettstorsk frå eit anlegg i Volda. Fiskane var små, men dersom dei har overlevd kan dei no har blitt så store at dei har blitt kjønnsmodne.

Også i Meløy i Nordland rømte oppdrettstorsk. Forskingsbåten hentar inn eggprøver begge stadane.

– Det er alvorleg når så store mengder av torsk blir sloppe ut på frifot. Dette er jo ein torsk som genetisk sett ikkje er lik villtorsken lenger, fordi den har vore avla på, seier van der Meeren.

Frykta er at dersom oppdrettstorsk blir kryssa med villtorsk, kan overlevingsevna til avkommet bli dårlegare. Det har forskarar sett hos laks.

Les også Fiskerne slo alarm etter funn av «uvanlig» torsk – Fiskeridirektoratet mener de har funnet synderen

Torsk.

Monika Haugland i Fiskeridirektoratet jobbar med prøver av torskeegg om bord i Fjorgyn

Innholdet i håvkoppen blir sila, slik at det blir lettare å plukke ut egga.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Har tatt grep

Selskapet Ode har tatt grep etter den store rømminga i Volda. Dei har forsterka nøtene, slik at det er vanskelegare for torsken å bryte seg ut.

Samfunnskontakt Falk Øveraas er glad for at forskarane ser på konsekvensane av rømminga. Sjølv trur han det har gått bra.

Falk Øveraas i Ode

Falk Øveraas er samfunns- og myndigheitskontakt i oppdrettsselskapet Ode.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Eg vil ikkje spekulere så mykje, men dei som har avla på oppdrettstorsk har gitt ein del signal på at dei meiner at sannsynlegheita for reell negativ påverknad vil vere svært liten, seier Øveraas.

Prøver av torskeegg ombord i båten Fjorgyn på tokt med Havforskingsinstituttet og fiskeridirektoratet

Det har blitt henta opp prøver frå ulike stader i Volda og Ørstaområdet og i Meløy i Nordland for å finne ut om oppdrettstorsken gyt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire vil drive torskeoppdrett

Oppdrett av torsk er i vekst. I fjor blei det gitt 195 løyve til å drive torskeoppdrett. Fiskeridirektoratet ser at interessa er aukande, og meiner det er viktig å få på plass forsking. Seniorrådgivar Monika Haugland er med på toktet i Volda.

– For Fiskeridirektoratet er det viktig å bygge meir kunnskap, spesielt med tanke på genetisk blanding med villtorsken, seier Haugland.

Kva konsekvensar får det dersom forskinga viser at den rømte oppdrettstorsken gyt?

– Vi må ta omsyn til all kunnskapen som kjem og akkurat no har vi lite kunnskap. Vi får sjå etter kvart kva det vil bety, seier Haugland.

Monika Haugland i Fiskeridirektoratet jobbar med prøver av torskeegg om bord i Fjorgyn

Monika Haugland er seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet. Her førebur ho prøvene før dei skal kikast nærare på i mikroskopet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Håper på det beste

Etter at prøvene frå den store hoven i sjøen er silt og helt over i flasker, startar analysearbeidet på laboratoriet.

Terje van der Meeren ser torskeegg i ulike stadium gjennom mikroskopet.

For å finne ut om egga han har i den vesle skåla er oppdrettstorsk eller villtorsk må det takast DNA-prøver. Det er ei moglegheit at oppdrettstorsken ikkje har overlevd.

–Det beste for naturen er at vi ikkje finn egg med oppdrettsgener i det hele tatt, seier forskaren.

Skulle dei derimot finne ut av dei to torskane har kryssa kvarandre er det forskingsmessig interessant.

– Då har vi moglegheit til å fylgje kva som skjer med desse individa dersom dei veks opp. Men på naturens vegner ynskjer vi ikkje ei kryssing mellom vill og oppdretta torsk, seier van der Meeren.

Han håper å ha klare resultata mot sommaren.

Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet samlar inn torskeegg saman med Fiskeridirektoratet på båten Fjorgyn i Voldsfjorden. Han sit på laboratoriet og ser inn i mikroskopet.

Torskeegga er berre rundt 1,4 mm store, og er vanskeleg å sjå utan mikroskop.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL