Hopp til innhold

Driv oppdrettsturisme på Smøla: – Overraskande og positivt

Fleire gongar i veka heile sommaren blir turistar skyssa i båt ut til oppdrettsanlegget, gratis. – Positivt at bransjen opnar seg, seier omdømmeekspert.

Oppdrettsturisme

Dagens turistar kikar nysgjerrig ned i merden, sjølv om det ikkje var interessa for oppdrett som gjorde at dei tok turen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kva slags forhold har de til oppdrett?

– Hæ?

For to av passasjerane som skal ut til oppdrettsanlegget utanfor Smøla denne dagen, er det kanskje båtturen i finvêret som lokkar.

Saman med ti andre turistar kler dei likevel på seg dress, flytevest og vernebriller på brygga i Kristiansund. Dei tek plass i den svarte RIB-båten som skal frakte dei ut på havet.

Turen er heilt gratis. Og målet er å la folk kome tettare på oppdrettsbransjen.

– Kanskje dei vil vere litt grei, foreslår ein av dei yngste passasjerane, Ludvik Fornes.

Maja Halse Oterholm på oppdrettstur i Kristiansund/Smøla

Maja Halse Oterholm reiste saman med Nora Halvorsen. Dei blei tipsa om turen frå far til Oterholm, og bestemte seg for å bli med.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Viser det slik det er

Det er plass til 12 personar i kvar båt. I sommar går det to visingsturar frå Smøla og ein tur frå Kristiansund kvar veke. Sidan juli har alle turane vore fulle.

Marit Johnsen Myrvoll, visningsvert, Nekton. Oppdrettsturisme Kristiansund og Smøla

Marit Johnsen Myrvoll er visingsvert for Nekton.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Visingsvert for Nekton Havbruk AS, Marit Johnsen Myrvoll, trur dei kunne køyrt mange fleire turar, og er glad for at folk viser interesse.

– Vi vil gjerne vise kva havbruksnæringa er, og kva vi driv med. Slik at folk kan få litt meir kunnskap om ei så viktig og stor næring i Noreg. Ein får slike visingskonsesjonar for å drive med visning, og det er jo for å profilere havbruksnæringa.

Oppdrettsturisme Smøla Nekton AS

RIB-turar i seg sjølv er ein populær, men ofte dyr turistaktivitet her langs kysten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Myrvoll seier dei som blir med på turane får sjå oppdrettsanlegget slik det er til dagleg.

– Dei får sjå det akkurat som det er. Vi held ingenting skjult. Vi vil vise fram realiteten.

Anlegget utanfor Smøla er berre eitt av rundt 30 slike senter og anlegg rundt om i Noreg.

Dårleg rykte

Men idylliske båtturar på Nordvestlandet er berre ei side av saka. Fiskeoppdrett er omstridd. Næringa er også fisk som døyr i merdane, lakselus og torskerømmingar.

Årets fiskehelserapport frå Veterinærinstituttet viser at kvar sjette fisk i norske merdar aldri når fram til ein middagstallerken. I staden døyr den av sjukdommar knytt til stress, trengsel og lakselusbehandling.

Og så seint som i vinter rømde 87.000 torsk frå eit oppdrettsanlegg i Volda. Få av desse vart fanga.

Uvanleg å vere open

Thor Øivind Jensen har blant anna forska på omdømmebygging og matproduksjon. Han seier det er vanskeleg å vere noko anna enn positiv til den openheita bransjen no viser.

Thor Øivind Jensen

Thor Øivind Jensen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Han har forska på branding-strategiar, omdømme og matproduksjon.

Foto: Universitetet i Bergen

– Det vanlege er at matindustrien er lukka, og sjeldan tillèt innsyn. Og at forsøk på innsyn og dokumentasjon utløyser konflikt og kritikk. Dermed er det både overraskande og positivt at oppdrettsbransjen opnar seg.

Jensen legg til at det er eit tiltak med stor fallhøgde. Kritikarar får lettare tilgang, og det er mykje ein kan kritisere i bransjen, seier han. Men han meiner det også kan bidra til å setje i gang prosessar internt.

– Dei som jobbar med å vise fram dei gode sidene i turistanlegga blir lett agentar innad for å rydde opp i praksisar som kan vere pinlege i offentlegheita. Som sjukdom, død, fiskehelse, forureining, lakselus og så vidare.

Les også Omdømmet gjorde byks då «laksenæringa» bytta namn til «havbruk»

Oppdrettsanlegg

Tilbake på brygga i Kristiansund går tolv turistar på land igjen, med litt meir kunnskap om norsk oppdrettsnæring.

– Eg har lært litt, seier ein av passasjerane medan han kler av seg dressen og legg briller og flytevest på plass.

Men kanskje viktigast for flesteparten av dei:

– Så var det ein veldig fin tur då, legg han til med eit smil.

Oppdrettsturisme Smøla og Kristiansund. Passasjer fornøgd tilbake på kaia.

Oppdrettsturistane var veldig fornøgde med dagens tur.

Foto: Eirik Haukenes / NRK