Hopp til innhold

87.000 torsk rømte frå oppdrettsanlegg – ei av dei største rømmingane på lang tid

Berre 408 torsk er fanga etter den store rømminga frå merdane i Volda. Frykta er at den rømte oppdrettstorsken formeirar seg med villtorsk.

Oppdrettstorsk fiska i Voldsfjorden. Fiskane ligg på rekke og rad.

Hobbyfiskarar i Volda fekk i haust oppdrettstorsk i garnet. No er det klart at talet på rømt fisk er ca. 87.000 torsk.

Foto: privat

Det var i slutten av september at oppdrettsselskapet Gadus Group meldte at fisk hadde rømt frå tre merdar i Voldsfjorden. No viser teljinga at ca. 87.000 torskar har rømt, ifylgje Fiskeridirektoratet. Oppdrettsselskapet har berre klart å fange 408 tilbake.

– Dette er ei av dei største rømmingane på lang tid, seier Leni Marie Lisæter, som er konstituert seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Leni Marie Lisæter

Leni Mari Lisæter er konstituert seksjonssjef i Fiskeridirektoratet. Ho seier at dei jobbar med å finne ut kva som skjedde då torsken rømte.

Foto: Privat

Dei har oppretta tilsynssak og har vore på inspeksjon både på oppdrettsanlegget og dei som laga nøtene.

Enno er det for tidleg å fastslå om rømminga får konsekvensar i form av avvik, gebyr eller politimelding.

Skal forske på konsekvensane

Havforskingsinstituttet er kopla inn for å sjå kva rømminga betyr på sikt. Frykta er at oppdrettstorsken skal gyte saman med villfisk

– Avkomet vil få ei litt dårlegare tilpassing i naturen, seier forskingsgruppeleiar Kevin Glover.

Torsken som lever i merdar har blitt avla, slik at den skal vekse betre i menneskeskapte miljø. Det betyr også at den er dårlegare til å overleve i naturen. Dersom dei to får avkom kan det svekke villbestanden.

Forskarane skal difor tilbake til Volda til våren for å sjå om oppdrettstorsken er å finne på gyteplassane. Det kan også skje at fisken dør før den tid.

Oppdrettsanlegget til Gadus group i Alida i Volda. Dei har torsk i merdene. På biletet ser vi ein brønnbåt

Det rømte fisk frå tre merdar i dette oppdrettsanlegget. No er både Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet kopla inn i saka.

Foto: Mathias Engstrøm Sandstøl / Nærnett

Venta at det skulle skje

Naturvernforbundet har vore kritisk til oppdrett i Voldsfjorden og frykta at dette skulle skje. Torsken har vore kjent for å vere ein utbrytarkonge som bit seg gjennom merdane og stikk av.

– Det var ikkje uventa at det skulle skje ei rømming, men vi hadde ikkje trudd at det skulle skje så snart. Anlegget hadde jo berre vore i drift i eit halvår, seier Knut Festø. Han er lokallagsleiar.

Han synest det er skummelt at ein ikkje veit konsekvensane av rømminga for den ville torsken. Han fryktar at oppdrettstorsken smittar villfisken med sjukdomar og at det blir konkurranse om maten.

Naturvernforbundet krev at styresmaktene set etablering av nye oppdrettsanlegg for torsk på vent.

Seks selskap har torskeoppdrett på 21 stadar langs kysten, ifølge Torskenettverket.

Les også Forskere mener torskeoppdrett utgjør en trussel mot kysttorsken

Oppdrettstorsk hos Nofima i Tromsø

Har fullt ansvar

Falk Daniel Øveraas i torskeoppdrettsselskapet Ode AS

Falk Øveraas i Gadus Group seier i ei pressemelding at dei er lei seg for det som har skjedd.

Foto: Gadus group / Pressefoto

Gadus Group vil ikkje kommentere saka utover pressemeldinga dei har sendt ut. Dei meiner at det ved teljinga kan mangle mellom 57.945 og 87.259 fisk etter rømminga, men at teljinga kan gi ei underrapportering på 9 prosent. Det betyr at tala til Fiskeridirektoratet kan vere for høge.

Selskapet har gjennomført ei gransking av hendinga for å avdekke kva som skjedde og at dei har sett inn tiltak for å hindre at det skjer igjen. Ifylgje selskapet var ikkje nøtene konstruert korrekt. Desse har no blitt bytta ut.

– Vi er alle sjølvsagt utruleg lei oss for det som har skjedd og tek det fulle ansvaret for alt som skjer på anlegga våre. Vi har inga interesse av å miste fisken vår og jobbar kvar dag for å halde fisken trygg og førebyggje slike hendingar, seier Falk Øveraas. Han er samfunn- og myndigheitskontakt i selskapet.

Gadus Group blei etablert i 2020 og har tre oppdrettsanlegg for torsk.

Oppdrettsmerder frå Gadus group i Volda

Gadus Group har gjennomført ei gransking for å avdekke kva som skjedde og hindre at det skjer igjen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Les også Torskeoppdrett enda i flopp for ti år sidan – no vil fleire satse

Torskeoppdrett. Slakt i Averøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL