Hopp til innhold

Dette er historia om Nordøyvegen

Det som starta med ei bru til seks millionar, har no ein prislapp på over fem milliardar. Tysdag 11. desember sa politikarane ja til å bygge Nordøyvegen.

Bru på Lepsøya som barneskuleelvar laga på 80-talet

Historia om Nordøyvegen starta med draumen om ei bru frå Skjelten til Lepsøya i Haram. På 80-talet var øyfolket optimistiske og trudde bygginga skulle starte i 1990.

Foto: Norvald Kjerstad

Historia om Nordøyvegen

Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til 2700 innbyggjarar på øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya (Nordøyane).

  • 1963
    Folkemøte

    På eit folkemøte på Lepsøya blir dei første planane om bru frå fastlandet til Lepsøy kjent. Dette er starten på prosjektet som seinare blir Nordøyvegen.

  • 1966
    Kostar 6 millionar

    Ingeniørfirmaet Sam Lorgen gjer ei utgreiing om det skal byggast bru eller rørtunnel over Lepsøyrevet. Begge alternativa er kostnadsrekna til 6,6 millionar kroner, men bru vert valt fordi den har lågare kostnadsrisiko. Også studentar i Trondheim blir spurt om å jobbe med prosjekteringa.

    Faksimile frå Sunnmørsposten om bru mellom Lepsøy og Gamlemshaug
    Foto: Faksimile frå Sunnmørsposten, 1967
  • 1971
    Tru på realisering

    Bru mellom Skjelten og Lepsøya blir tatt inn i plandokumentet til Vegvesenet. Samferdselskomiteen på Stortinget uttalar at brua bør bli realisert i perioden 1978-79.

  • 1984
    Blir ikkje prioritert

    Fylkestinget prioriterer ikkje å få Lepsøybrua inn i vegplanen for 1986-89, og det kjem framlegg om at prosjektet skal utgreiast saman med Aursundbrua i Aure i planen 1990-1993. Detaljplanane viser at brua vil koste 54 millionar kroner. Pris per innbyggjar er 90.000 kroner.

  • 1987
    Stiftar Nordøyvegen as

    Vegkontoret legg fram forprosjekt. Det som tidlegare har vore Lepsøybrua, blir no gradvis Nordøyvegen, med undersjøiske tunnelar og bruer. Dette er same året som dei undersjøiske Ålesundstunnelane vert opna. I oktober blir Nordøyvegen as stifta. Privatpersonar og næringslivet kjøper aksjar. Heile prosjektet har ein prislapp på 420 millionar kroner.

    Faksimile frå Romsdals Budstikke 31.08.1987 om Nordøyvegen
    Foto: Faksimile, Romsdals Budstikke 31.08.1987
  • 1989
    Stortinget seier ja

    Stortinget sier ja til Lepsøybrua i neste planperiode. Førsetnaden er at Møre og Romsdal fylkesting gir prosjektet høg prioritet. På Lepsøy går flagget til topps på skulen og det vert bygd ein symbolsk modell av brua på skuleplassen. Alle reknar med byggestart i 1990.

    Modell av Lepsøybrua som vart laga på 80-talet og plassert ved skulen
    Foto: Randulf Roaldsnes
  • 1994
    Arbeidet går seint

    Vegdirektoratet godkjenner planen for Lepsøybrua, men det skjer lite politisk og det vidare arbeidet stoppar opp. Ordførar i Haram, Robert Hurlen (H), er frustrert over at det tar så lang tid.

  • 1997
    Nordøyvegen på topp

    Fylkestinget vedtek å sette Nordøyvegen på topp og tilrår søknad om bompengefinansiering.

    Faksimile frå Sunnmørsposten om Margrethe Tennfjord som er glad for Nordøyvegprioritering
    Foto: Faksimile frå Sunnmørsposten, 31.08.1997
  • 2002
    Kjempar for ferjeavløysingsordning

    Forkjemparane for Nordøyvegen ynskjer at pengane som blir spart på å legge ned ferjene, skal vere med på å finansiere prosjektet. I fleire år har det blitt drive lobbyverksemd mot Stortinget for å få på plass ordning med ferjesubsidiar. Samferdselsminister Torild Skogshom (V) blir invitert på synfaring på øyane. Same år gjer Stortinget vedtak om eit prinsipp for å bruke ferjeavløysingsmidlar i vegprosjekt.

  • 2002/2003
    Startar utgreiing

    Arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiingar startar. Nordøyvegen får dispensasjon for stigning i dei undersjøiske tunnelane, som er høgare enn vegnormalen. Ordførar i Haram, Oddbjørn Vatne (Sp), har stor tru på at vegen skal kome.

  • April 2005
    Prioriterer Nordøyvegen

    Fylkestinget vedtek å prioritere Nordøyvegen på topp i Nasjonaltransportplan 2006-2015. Kostnaden for vegen er på 1,4 milliarder kroner. Fylkestinget meiner at sambandet må ferdigstillast innan 2015

  • 2009
    Feststemning

    Nordøyvegen går frå å vere riksveg til fylkesveg som fylgje av regionreforma. Fylkestinget søker om statleg lån med rentekompensasjon. Prosjektet blir vurdert til å vere fullfinansiert og det er feststemning. Kostnaden er no på 1,8 milliarder kroner. Folket på øyane ser fram til fastlandssamband, fordi dei ofte opplever at ferjene er innstilte.

    Demonstrasjon for Nordøyvegen
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • 2011
    Hubro kan stoppe vegen

    Søknaden om å få krevje inn bompengar på førehand for dei reisande på ferja blir godkjent i Stortinget, men eit uventa problem dukkar opp. Fylkesmannen meiner Nordøyvegen kjem i konflikt med hubro på Fjørtofta, som er ein sterkt trua ugleart. Løysinga blir ein miljøtunnel.

    Hubro
    Foto: Kjartan Trana/NRK
  • 27. august 2012
    Historisk dag

    I eit ekstraordinært fylkesting seier politikarane ja til å bygge Nordøyvegen. Kostnaden har auka kraftig og prosjektet kostar no 2,6 milliardar kroner.

    Nordøyvegen
    Foto: Roar Halten / NRK
  • 8.desember 2015
    Vil utsette prosjektet

    Fylkesrådmann Ottar B. Guttelvik vil utsette bygginga av Nordøyvegen på grunn av høg lånegjeld og ein kostnadssprekk på prosjektet. Fylkestinget seier nei til forslaget og vedtek nok ein gang bygging. Kostnaden er no oppe i 3,2 milliarder kroner.

  • April 2016
    For bratte tunnelar

    Nordøyvegen får ein kalddusj når Vegdirektoratet seier nei til å godkjenne dei undersjøiske tunnelane fordi dei har for bratt stigning. Dermed må prosjektet tilbake på teiknebordet, før det blir godkjent.

  • September 2016
    Nedslåande rapport

    Ein kvalitetssikringsrapport frå Oslo Economics konkluderer med at tunnel og bru-prosjektet manglar fleire hundre millionar kroner. Næringslivet i Sandøy har imidlertid bestilt sin eigen rapport, og den konkluderer heilt annleis.

  • 12. desember 2016
    Jublar for nytt vedtak

    Nok ein gang seier fleirtalet i fylkestinget ja til Nordøyvegen. Dei frammøtte flaggar og jublar. Prosjektet har no ein kostnad på nærare 3,5 milliarder kroner

    Folk på Nordøyane jubler i fylkestinget i Møre og Romsdal
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • 20. juni 2017
    Stortinget gir grønt lys

    Stortinget godkjenner bompengeproposisjonen for Nordøyvegen. Same dag blir dei fire førebuande kontraktene på bygginga lyst ut.

  • 29. september 2017
    Første spadetak

    Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), tar første spadetaket på det som skal bli Nordøyvegen. Det er ein høgstidsdag med mange talar og hundrevis av frammøtte.

    Kristin Sørheim gjorde jobben
  • Juni 2018
    Milliardsprekk

    Pristilboda frå hovedentreprenørane er langt over budsjettet og det ligg an til ein kostnadssprekk på ein milliard kroner. Skanska vinn anbodet, men prosjektet blir sett på vent. Arbeidet med å finne pengane som manglar startar.

  • 6. november 2018
    Auke bompengane

    Fylkeskommunen har møte med samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Eit forslag om å forlenge bompengeinnkrevinga frå 20 til 40 år vert skrinlagt. I staden gir statsråden positive signal om å auke innkrevinga i fem år og auke taksten. I tillegg vil ein legge ned hurtigbåten og bruke desse pengane til vegbygging.

  • 12. november 2018
    Vil avlyse prosjektet

    Fylkesrådmann Ottar B. Guttelvik foreslår å avlyse anbodskonkurransen. Han meiner at Nordøyvegen kjem til å koste 5,6 milliardar kroner og vil føre til full investeringsstopp dei neste 10-12 åra.

  • 19. november 2018
    Siger i første runde

    Ei gruppe politikarar i Samferdselsutvalet meiner fylkesrådmannen sine tal er feil. Dei legg fram eit nytt talgrunnlag på 5,1 milliardar. Fleirtalet i utvalet seier nei til å stoppe anbodskonkurransen og ja til å bygge Nordøyvegen.

  • 26. november 2018
    Ja, trass åtvaringar

    Trass anbodssprekk på éin milliard og varsel om overstyring av økonomien, seier fleirtalet i fylkesutvalet ja til å bygge Nordøyvegen.

    Fylkesutvalet i Møre og Romsdal
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • 5.desember 2018
    Feil i reknestykket

    Fleire i dei økonomiske fagmiljøa meiner at fylkeskommunen har feil i reknestykket, fordi dei ikkje har tatt omsyn til inflasjonsutviklinga dei neste 40 åra. Fylkesrådmann Ottar B. Guttelvik legg fram nye berekningar, som viser at skilnaden mellom bygging av Nordøyvegen og å halde fram ferjedrifta, ikkje er så stor som først rekna ut. Likevel meiner fylkesadministrasjonen at anbodskonkurransen bør avlysast. Tilhengarane av Nordøyvegen er frustrerte over at dei nye utrekningane ikkje kjem før no.

  • 11. desember 2018
    Skjebnedag for Nordøyvegen

    Denne dagen skal fylkestinget avgjere om Nordøyvegen skal byggast eller om fastlandssambandet skal stoppast. Eit fleirtal på 26 seier ja.