Sa ja til Nordøyvegen trass sterke åtvaringar

Trass anbodssprekk på éin milliard og varsel om overstyring av økonomien sa fylkesutvalet ja til å bygge Nordøyvegen. Fleirtalet bygde på alternative økonomiske utrekningar.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal

Fylkesutvalet sa med 8 mot 5 stemmer ja til å bygge Nordøyvegen. Fylkestinget skal ta endeleg stilling til saka på møtet som byrjar 10. desember.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det mangla ikkje på åtvaringar då fylkesutvalet skulle ta stilling til den vidare framdrifta i saka om Nordøyvegen. Alt i utgangspunktet har Møre og Romsdal fylkeskommune ein anstrengt økonomi. Det må kuttast i drifta uansett Nordøyveg eller ikkje. Når rekninga frå vegprosjektet på Nordøyane skal betalast må drifta kuttast med 10 prosent, viser ein ny rapport.

– Fylkeskommunen må ha balanse i rekneskapa sine kvart einaste år. Det klarer vi ikkje om vi byggjer Nordøyvegen. Til forskjell frå staten har ikkje fylkeskommunen noko oljefond å dekke dette inn på, sa assisterande fylkesrådmann Gunn Randi Seime.

Fylkesutvalget 26.11.2018

Kristin Sørheim (Sp) er leiar i samferdsleutvalet. Både ho, Knut Støbakk (KrF) og Iver Nordseth (V) sa ja til Nordøyvegen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Må kutte skuleinvesteringar

Det blei teikna eit dystert bilde av den fylkeskommunale økonomien, både slik situasjonen ser ut utan Nordøyvegen, og ikkje minst slik situasjonen blir om Nordøyvegen blir bygt. Det vil gå hardt ut over investeringane og drift av vegar og ferjer. Og ikkje minst er det fleire skuleprosjekt som står for hogg.

Dei vidaregåande skulane i Ørsta, Sørsida i Ålesund, Stranda, Gjermundnes, Fræna og Tingvoll blei halde fram som skular som kan bli kutta med minst konsekvensar.

– Slutt på fritt skuleval

Bygg- og eigedomssjef Per Olav Brækkan varsla at fylkeskommunen styrer mot eit nei til fritt skuleval. Om driftsbudsjettet til dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal må kuttast med 10 %, så inneber dette ei nedlegging av om lag 50 klassar. Elevane har imidlertid rett på opplæring. Dette kan gjennomførast ved å styre elevane til skular og klassar med ledig kapasitet.

– Skuletida må truleg også utvidast til klokka 18.00 om vi skal ha kapasitet til å gje alle opplæring i dei gjenverande skulane, sa Brækkan.

I dag gjekk andre runde i kampen om Nordøyvegen si framtid då politikarane i fylkesutvalet tok stilling til prosjektet etter kostnadssprekken på ein milliard kroner. Fylkestinget skal ta endeleg stilling 11.desember.

I dag gjekk andre runde i kampen om Nordøyvegen si framtid då politikarane i fylkesutvalet tok stilling til prosjektet etter kostnadssprekken på ein milliard kroner. Fylkestinget skal ta endeleg stilling 11.desember.

– Feil talgrunnlag frå fylkesrådmannen

Leiar i samferdsleutvalet, Kristin Sørheim (Sp) let seg ikkje skremme av dei dystre tala frå fylkesadministrasjonen.

– Botnlinja er betre enn det som blir lagt fram. Våre tal er like truverdige som fylkesadministrasjonen sine. Låna treng ikkje vere så store. Bompengane kan aukast. Og det er lagt inn for store kostnader til å dekke eventuell usikkerheit, sa Sørheim.

Knuste partigrensene

Kristin Sørheim fekk med seg fleirtalet i å seie ja til Nordøyvegen ved å ta utgangspunkt i eit langt meir optimistisk talgrunnlag enn det fylkesrådmannen la fram. Og saka splitta partia. I Venstre sa Iver Nordseth ja, medan Gunn Berit Gjerde sa nei. I Arbeidarpartiet sa Tove Lise Torve ja til forslaget frå Sørheim, medan Per Vidar Kjølmoen sa nei. I Høgre støtta Charles Tøsse eit ja til Nordøyvegen og Torgeir Dahl landa på neisida.

– Ikkje ansvarleg

Per Vidar Kjølmoen (Ap) karakteriserte eit ja til Nordøyvegen som å velte tidenes rekordgjeld over på komande generasjonar.

– Det er ikkje ansvarleg. Verken private eller bedrifter hadde fått lån på dette grunnlaget. Prosjektet er slett ikkje sjølvfinansierande. Vi har ikkje råd, sa Kjølmoen.

Frank Sve under fylkesutvalget

Frank Sve (Frp) argumenterte sterkt for Nordøyvegen. Også Iver Nordseth (V) og Charles Tøsse sa ja til prosjektet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vanskeleg å sjå ungdommen i auga

Gunn Berit Gjerde (V) høyrer med blant dei som tidlegare har snakka varmt for Nordøyvegen. Dei nye prognosane frå fylkesrådmannen har fått henne til å snu.

– Vi vil så gjerne. Men eg har latt meg forføre og eg har vore med på å forføre med tilpassa tal. No er eg redd for at vi kan vere i ferd med å utvikle eit fylke der vi ikkje kan utvikle den menneskelege kapitalen. Og den menneskelege kapitalen er viktigare enn vegar, sa Gjerde.

Ho viste til at både drift og investeringar i skule kan bli sett på vent om Nordøyvegen blir bygd.

– Det blir vanskeleg å sjå ungdommane i auga om vi seier ja til dette, sa Gjerde.

– Det meste er bygt på risiko

Under møtet i fylkesutvalet mangla det heller ikkje på optimisme med tanke på den fylkeskommunale økonomien generelt og økonomien i prosjektet spesielt.

– Folk har flira over bedriftsleiarar som har teke risikoar. Men fliren har stilna når suksessen har kome. Det meste vi har fått til her i fylket er bygt gjennom risiko. Også store samferdsleprosjekt som Eiksundsambandet, tresfjord-sambandet og Imarsund-sambandet er bygt gjennom risiko. Eg skal vedde på kva som helst på at trafikken i sambandet kjem til å auke når Nordøyvegen står ferdig, sa Frank Sve.

Saka skal endeleg avgjerast av fylkestinget som tek til 10. desember.