Hopp til innhold

Milliardkrangel om gigantprosjekt – usemje om reknestykket

Det er steile frontar mellom tilhengarane av milliardprosjektet Nordøyvegen og dei som vil stanse fastlandssambandet. Kven har riktige tal?

Nordøyvegen

Nordøyvegen skal gi fastlandssamband til om lag 2700 innbyggjarar i Haram og Sandøy. 11. desember skal fylkestinget bestemme om vegen skal byggast eller ikkje.

Foto: NRK

Etter 30 år med venting på fastlandssambandet Nordøyvegen vart spada sett i jorda i september i fjor. Nordøyvegen, som skal knyte øyane i Haram og Sandøy til fastlandet, hadde ei kostnadsramme på 3,8 milliardar kroner.

I juni 2018 då dei store hovudkontraktane for bruer og tunnelar blei lyst ut, kom kalddusjen. Vegen kjem til å bli over ein milliard dyrare å bygge og heile prosjektet står i fare.

Tunnelinnslag på Harøya

På Myklebust på Harøya står innslaget til den undersjøiske tunnelen klart.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Kva kostar Nordøyvegen?

11. desember skal fylkestinget avgjere skjebnen til Nordøyvegen, men kva tal skal politikarane tru på?

Fylkesrådmann Ottar Guttelvik meiner anbodskonkurransen må stoppast og at prosjektet treng meir utgreiing. Fylkesrådmannen trur heile prosjektet kjem til å koste 5,6 milliardar kroner.

I fylkeskommunen (MRFK) si utrekning har det blitt lagt inn 1 milliard kroner ekstra i rehabilitering av vegen over 40 år. Det er også sett av 486 millionar i eit forventa tillegg, der dei viser til statistikk på avvik mellom kontraktssum og sluttkostnad.

Tilhengarane meiner at Nordøyvegen må byggast no. Fem politikarar fremja eit forslag i samferdselsutvalet (SA), om å bygge Nordøyvegen til 5,1 milliardar kroner. Dette alternativet fekk fleirtal både i samferdselsutvalet og i fylkesutvalet. I dette budsjettet er det lagt inn langt mindre til rehabilitering og usikkerheit i budsjettet. Fylkestinget har sagt fleire gongar at vedlikehald ikkje skal takast med i kalkylen.

Korleis skal Nordøyvegen finansierast?

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som tar opp lånet for å bygge Nordøyvegen, men lånet skal betalast tilbake gjennom eksterne midlar.

Dette er bompengar, ferjeavløysingsmidlar (frigivne midlar når ferjesamband vert lagt ned), midlar for regional støtte (RDA), midlar frå hurtigbåten som blir lagt ned, tilskot frå kommunane og næringslivet, rentekompensasjon og momsrefusjon.

Fylkeskommunen og samferdselsutvalet har ulikt syn på kor store desse inntektene vert. Samferdselsutvalet reknar med at dei får midlar for avviklinga av hurtigbåttilbodet i 40 år, medan fylkeskommunen meiner at dette er ein post som er svært usikker fordi det ikkje finst same avløysingsordning for hurtigbåt som for ferje. På grunn av usikkerheita har fylkeskommunen lagt inn sparte kostnader på hurtigbåten i 15 år.

Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), seier at det er usikkert korleis alt er om 40 år, men ordninga med hurtigbåt kan like gjerne vare over 40 år som 15 år.

– Vi har vore i samtale med samferdselsministeren og han seier ordninga nyleg er lagt om og det er ingen intensjon om å endre på det, seier Sørheim. Fylkesrådmannen vil ikkje kommentere tala.

Feil reknemåte

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) meiner at Nordøyvegen må byggast no.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er det store låneopptaket som er den største uroa, og korleis dette påverkar andre område om skule og samferdsel.

Fylkesrådmannen har åtvara om at alle andre investeringar må settast på vent dei neste 10–12 åra og at det blir kutt både i administrasjon, skule, samferdsel og kultur.

Her kan no reknemåten knytt til renter og avdrag på lånet få stor betydning.

Metoden fylkeskommunen har brukt har fått sterk kritikk, blant anna frå professorar ved NTNU i Ålesund. Dei skriv i ein kronikk at reknestykket er feil fordi det ikkje er tatt høgde for prisjustering på utgifter og inntekter. Feilen gjer at utgiftene kan bli redusert med til saman 1,6 milliardar kroner over 30 år.

No har fylkeskommunen fått tilbakemelding frå analyseselskapet dei brukar, Atkins-Oslo Economics, om at tilnærminga har vore feil og at dei vil legge fram ein justert modell for politikarane 6. desember.

– Det var bra at dette kom no og eg er spent på kva som kjem ut av det. Vi meiner vår modell er mest realistisk og vi meiner at bygginga av Nordøyvegen ikkje treng å gå utover skular og andre tilbod, seier Kristin Sørheim.

Basert på tru og tvil

Edvard Devold

Edvard Devold meiner fylkeskommunen har brukt feil metode i reknestykket sitt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Edvard Devold, universitetslektor ved NTNU, er ein av dei som har påpeikt metodefeilen. Det han og dei andre professorane har jobba med er berre val av metode og ikkje sjølve tala som ligg til grunn. Han seier at det vanskelege med reknestykka i Nordøyvegen, er at tala er så usikre. Han forklarar at partane i saka difor tolkar tala i favør av sitt standpunkt og at det er umogleg å vite kva som er riktig.

–Det er ikkje klare svar på kor store rehabiliteringskostnadane vil bli og kor mykje ein får i ferjeavløysingsmidlar 30 år fram i tid. Det blir eit element av skjønn, som også er basert på tru og tvil, seier Devold.

Kristin Sørheim tok første spadetak då det førebuande arbeidet på Nordøyvegen starta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL