Fleire av sentrumshotella er allereie fullbooka festivalhelga i august.
Direktør for Clarion Collection Hotel Bryggen, Camilla Espeseth, fortel at det har vore fullt lenge.
– Vi er fullbooka den helga det er Jugendfest, og det har det allereie vore i ein og ein halv månad, seier Espeseth.
– Vi ser at folk følgjer med, og vi er veldig taksame for ting som skjer i byen slik at vi får mykje turistar til Ålesund, held ho fram.
- Les også:
Fleire arrangement same helga
Jugendfest er i år 21 og 22 august og fell saman med fotballarrangementet Hessacup. Det har ført til fullbooka hotell i Ålesund sentrum.
Espeseth fortel at det verkar som folk er flinke til å planlegge i god tid.
– Jugendfest har som regel vore den same helga kvart år. No er det ein fotballcup i tillegg som trekk mykje folk til byen, så eg trur folk veit at dei blir nøydd til å vere ute i god tid for å få rom, seier ho.
- Les også:
Kan framleis vere håp
Av dei ni sentrumshotella i Ålesund er det foreløpig berre Scandic Parken og Radisson Blue som har ledige rom att under Jugendfest.
Direktør ved Scandic Parken, Sven Erik Moe, fortel at dei foreløpig har få rom att, men at det likevel er håp for dei som endå ikkje har bestilt.
– Arrangementet er nesten ein månad fram i tid, og det er mykje som kan skje i løpet av den tida, seier Moe.
– Det kan fort kome avbestillingar like før, så dersom ein ønskjer rom i Ålesund den helga er det viktig å følgje med. Det er alltid moglegheiter, held han fram.
- Les også: