Spontanbooking er den nye trenden

Reiselivet i Noreg opplever ein klar ny trend med at reisande bestiller overnatting på impuls.

Michael Heldre

Michael Heldre er leiar i Booking.com Noreg

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

At den reisande bestiller hotellrom i god tid i førvegen er kanskje det reiselivet har vore vande med. No må dei snu seg rundt fortare og henge med i svingane. Yngre folk bookar gjerne ikkje hotellrom før same dag. Det er ein ny trend, seier Michael Heldre. Han er leiar i firmaet Booking.com Noreg, som driv med hotellbooking på nett.

– Fleire og fleire vil dra på reise utan å ha bestilt hotell. Dei tar opp telefonen sin medan dei køyrer oppover E39 og søker på overnattingsmoglegheiter, seier Heldre.

I hans firma ser dei at stadig fleire bookar overnatting same dag medan dei er på reise.

LES OGSÅ:

Yngre er impulsive

– Det er spesielt den yngre generasjonen, milleniumsgenerasjonen, som gjer det slik, seier Heldre.

For reiselivsnæringa betyr det at dei må tilpasse seg spontane kundar og vere til stades på nett der bestillingane kjem inn. Det set også tøffare krav til bransjen. Dei må også vere meir spontane og reagere raskt.

– Det er ikkje alltid vi ynskjer at det skal vere slik. Det er lettare at gjesten har bestilt eit år i førevegen, men vi må akseptere at gjesten vil booke rom same dag, seier Heldre. Han meiner at denne spontantbookinga ikkje gjeld berre i store byar, men også ute i distrikta.

Går ikkje over

Roar Hersvik

Roar Harsvik i Visit Nordmøre & Romsdal seier spontane bookingar gir nye utfordringar for reiselivet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Reiselivsdirektør Roar Harsvik i Visit Nordmøre & Romsdal seier dei bur seg på fleire spontanbestillingar.

– Det er klart at det gir nye utfordringar når bookingane kjem inn seinare enn før. Det handlar om å vere framoverlent og ikkje sitje på gjerdet og vente på at det skal gå over. Det er kundane som styrer dette, seier Harsvik.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.