15. til 18. juli blir Ålesund snudd på hovudet og sjøen teppelagt av seglskuter når Tall Ships Races gjer sitt inntog i byen.
Men det er også ei utfordring knytt til den store folkefesten. På grunn av manglande kapasitet og fulle hotell, ber no arrangørane av Tall Ships Races folk om å opne heimane sine for tilreisande.
– Vi vil at flest mogleg skal få vere med. Difor oppmodar vi dei som har moglegheit til å låne eller leige ut rom om å gjere det, seier Anne Bente Skjellum, informasjonssjef i Tall Ships Races.
– Det er også mogleg å la folk sette opp telt i hagen. Alt hjelper, seier ho og ler.
- Les også:
Forventar over 200.000
I 2001 trakk arrangementet Cutty Sark om lag 250.000 besøkjande til Ålesund dei dagane festen gjekk føre seg. Det er forventa like mange besøkande i år som då.
– Folk blei oppmoda til å leige ut rom i 2001, så vi har full tillit til at det vil fungere bra også i år, seier Skjellum.
Tall Ships Races har difor oppretta ei eiga facebookgruppe for å gjere det lettare for utleigarar og leigetakarar å finne kvarandre.
– Der kan folk legge ut kva dei har og tilby, eventuelt kva dei er på leiting etter, seier Skjellum.
No håpar ho at folk er villig til å opne opp heimane sine for dei tilreisande,
– Tall Ships Races er dugnad frå ein ende til ein annan, med mange frivillige som står på for å gjere arrangementet så bra som mogleg. Eg håpar at sunnmøringane opnar både hjarta og heimane sine, seier ho og smiler
- Les også: