Ein av verdas beste gitaristar, Pat Metheny kjem tilbake til Molde på årets jazzfestival. Metheny var sist på Moldejazz for 15 år sidan- den gongen som Artist in Residence.
Festivalsjef Hans-Olav Solli gler seg til årets Moldejazz.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK– Vi har prøvd å få han tilbake til festivalen sidan han var Artist in Residence i 2001, og no greidde vi det endeleg, seier ein svært fornøgd festivalsjef Hans-Olav Solli.
Det blir ein duokonsert med Ron Carter på kontrabass.
– Det blir eit unikt duosamarbeid. Det at desse to skulle spele saman kom litt overraskande, men dess meir gledeleg var det for oss at begge no kjem til Moldejazz.
Frå før av er ein rekke andre artistar bekrefta til årets Moldejazz.
- Les også:
- Les også:
Alan Walker til Jugendfest
Onsdag blei det også klart at Alan Walker er klar for årets Jugendfest i Ålesund. Den 18 år gamle bergensaren har lenge toppa hitlistene med «Faded» og han blir rekna som ein av dei mest lovande produsentane og artistane i Skandinavia.
– Alan Walker er utvilsamt det neste store, og han kjem til å gjere ein rekke framsyningar i Skandinavia og Europa denne sommaren. Vi er utruleg glade for å ha sikra oss det norske stjerneskotet til Jugendfest 2016, skriv Momentium på sine nettsider.
- Les også: