Hopp til innhold

Fryktar ferjekrise i sommar

Sommaren er like rundt hjørnet. Og ferjekøane lurer bak neste sving. Ekstra stor kan krisa bli på strekninga Halsa-Kanestraum.

Ferjekø Kanestraum
Foto: Roar Halten / NRK

Ferjestrekninga Halsa-Kanestraum er ein flaskehals på E39 på Nordmøre. Køane er ofte lange i begge retningane. For tida er det bilferjene «Rauma» og «Romsdal» som går på strekninga, og overfartstida er på 20 minutt.

Ferjene klarer ikkje å ta unna køane, og no kjem saka opp på høgste politiske hald i Noreg.

Else-May Botten Ap

Stortingsrepresentant Else-May Botten.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ikkje berre eg som er frustrert over situasjonen. Vi merkar trykket som er på sambandet. Og vi ser at trafikken aukar. Halsa-Kanestraum har hatt ein trafikkvekst på fjorten prosent berre i år. Det tilseier at noko må skje, seier stortingsrepresentant Else-May Botten.

Og det er ikkje berre Halsa-Kanestraum som opplever stor trafikkvekst. Også Molde-Vestnes har stor auke. Else May Botten vil at Molde-Vetnes skal få eit løft i neste års statsbudsjett. Men det hastar når det gjeld Halsa-Kanestraum.

Det er sommartrafikken som er kritisk. Det veit vi. Veldig mange må stå og vente i sommar. Dei må ikkje vente over berre éin ferjeavgang, men også to, seier Else-May Botten.

Ho har no stilt eit skriftleg spørsmål til samferdsleministeren, og ho meiner det hastar med å få på plass pengar til desse sambanda.

På Halsa-Kanestraum må det enten bli større ferjer, eller vi må ha tre ferjer. Det ville vere veldig bra å få avgangar kvart 20. minutt. Alternativet er at kvar ferje får større kapasitet slik at dei får med seg fleire bilar, seier Botten til NRK.