NRK Meny
Normal

Rekordlange køar – men fleire ferjer får dei ikkje

Det blir inga styrking av ferjetilbodet på Halsa-Kanestraum sjølv med 11 500 attståande bilar i fjor.

Ferjekø Kanestraum

Ferjesambandet Halsa-Kanestraum har slite med lange køar.

Foto: Roar Halten / NRK

Rekordmange bilar står igjen på ferjeleia, men Halsa-Kanestraum får ikkje styrka tilbodet.

Knut Lie, seksjonsleiar i Statens vegvesen, trur at utsiktene er dystre for resten av anbodsperioden på seks år. Han trur ikkje at dei vil få ei løysing i nær framtid.

– Vi i Statens vegvesen følgjer tett på trafikkutviklinga og driftssituasjonen. Og vi ser at trafikken har auka meir enn vi va førebudde på, seier Lie.

Utfordrande framtid

Knut Orten Lie

Seksjonsleiar Knut Orten Lie har inga løysing å tilby med det første på Halsa Kanestraum.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er på dette sambandet det står igjen flest bilar. Men meldinga er klar frå Statens vegvesen om at det blir utfordrande i åra framover. Dei ikkje har pengar til ei tredje ferje eller at ferjene går oftare.

– Situasjonen vil blir veldig utfordrande på dette sambandet i løpet av kort tid, seier seksjonsleiaren.

Store ambisjonar

Trafikken har auka mykje etter at det blei slutt på bompengar på Krifast og vegen langs Vinjefjorden blei opprusta. Vegvesenet hadde ambisjonar om å klare å ta unna størstedelen av trafikken.

– I den nasjonale transportplanen for 2013 så hadde vi eit mål om å få med 98 prosent av dei reisande på den avgangen dei ønska.

Dei enda med å mangle ein prosent for å nå målet.

– Vidare må vi framleis følgje nasjonale og regionale budsjett, og bestemme kor mykje pengar vi kan bruke på ferjer. Til sommaren vil Statens vegvesen kome med budsjettforslag som vil verte offentleggjort. Men slik det er no har vi ikkje pengar til fleire ferjer, seier Lie.