NRK Meny
Normal

Ein av dei lengste køane i landet

Køane på ferjesambandet Halsa-Kanestraum er blant dei lengste i landet. Molde-Vestnes kan få same problemet.

Køane på ferjesambandet Halsa-Kanestraum er blant dei lengste i landet. Molde-Vestnes kan få same problemet.

Odd Reidar Ormåsen

Odd Reidar Ormåsen er kommersiell leiar i Fjord1.

Foto: Trond Vestre / NRK
Tor Kristoffersen.

Tor Kristoffersen, kommersiell leiar i Fjord1, trur at ferjesambandet Molde-Vestnes kan møte same utfordringa som Halsa-Kanestraum.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det kom fram under ein konferanse i Molde i dag der køar og attståande bilar var eit sentralt tema. Rekordmange bilar står igjen på ferjeleia, men Halsa-Kanestraum får ikkje styrka tilbodet.

Kommersiell leiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen, seier ingen andre har så mange attståande bilar som Halsa-Kanestraum.

– I forhold til talet på bilar som står igjen er dette er verste sambandet for Fjord1. Eg trur ikkje at det finst andre løysingar enn å få inn med meir kapasitet, meiner Ormåsen.

Staten må finansiere

Trafikken har auka mykje etter at det blei slutt på bompengar på Krifast og vegen langs Vinjefjorden blei rusta opp. Han har trua på å setje inn tre ferjer for å styrke sambandet. Han fortel at den kortsiktige løysinga er å byte ut ei av ferjene med ei større ferje.

– Men dette vert dropar i havet, og vil ikkje fungere over lengre tid. Det er opp til staten om det vert ei ny ferje. Dette tar tid, seier den kommersielle leiaren.

Han meiner at dette er avgjerande for å få god trafikkavvikling.

Auke i trafikken mellom Molde – Vestnes

Tor Kristoffersen, kommersiell leiar i Fjord1, meiner at ferjesambandet Molde-Vestnes er og i ferd med å kome i ein kritisk situasjon.

– Trafikkbelastninga er så jamn gjennom heile året at når vi først får attståande bilar så kan bobla sprekke. Når fleire bilar må vente på ny ferje vil det bli endå fleire som må vente etter den neste, seier Kristoffersen.

Han seier at dei har nesten ingenting å gå på størstedelen av året. Men han trur at når Tresfjordbrua kjem så vil fleire reise med sambandet.

– Då kan det fort bli ein alternativ veg å reise over Molde-Vestnes frå Åndalsnes til Molde, spesielt for tungtrafikken, og då vil vi få ei auke i trafikken.