NRK Meny
Normal

Krev ei tredje ferje i sambandet Halsa-Kanestraum før sommaren

Regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, vil ha ei tredje ferje på plass før sommaren.

Ferjekø Kanestraum

Bilkøane er ofte lange på ferjesambandet Halsa-Kanestraum på Nordmøre.

Foto: Roar Halten / NRK

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg.

Foto: Trond Vestre / NRK

Skal du reise gjennom Møre og Romsdal er du avhengig av ferjene. I eit fylke der fjordane er mange er det ferjene som syt for at både bilistane og varetransporten kjem fram. Kapasiteten i ferjesambandet Halsa-Kanestraum er allereie sprengt og det skaper ofte lange køar og lang ventetid.

– Det er eit snitt på attståande bilar på 2,6 prosent, medan grensa til samferdselsdepartementet er 2,0 prosent. Då seier det seg sjølv at det er enormt med attståande bilar, seier Ytreberg.

Det er spesielt i helgene og om sommaren at trykket er som verst på sambandet. Ytreberg vil derfor at ei tredje er på plass før sommaren og bilturistane har kome. Ytreberg meiner regjeringa må løyve pengar til ei ekstra ferje i nasjonalbudsjettet i vårt.

Er trafikken stor risikerer du å bli ståande att fordi det ikkje er plass. På ferjesambandet Halsa-Kanestraum skjer det ofte. – Alt for ofte, meiner NHO.

– Eg er veldig kritisk, og det kjem til å bli mykje styr blant yrkessjåførar og bilistar som brukar sambandet. Ein aksepterer ikkje å stå igjen etter ei og gjerne to ferjer utan å kome over fjorden. Då sprekk tidsskjemaet, seier Ytreberg.

Fire ferjer på Molde-Vestnes

Men det er ikkje berre her at det er kork og køar i vente. Også Molde-Vestnes er i ferd med å bli kritisk. Her går det tre ferjer. NHO meiner ei fjerde må på plass før nyttår.

– På det sambandet er det jamn trafikk heile døgnet, og der kan situasjonen bli kritisk viss vi ikkje får på plass ei ekstra ferje. Der er det rett og slett kaotisk av og til, og det er nødvendig med ei ny ferje før 2015.