Hopp til innhold

Veslemannen flytta seg opp i 16 centimeter i døgnet

Laurdag kveld er det framleis store bevegelsar ved Mannen i Rauma. – Fjellet er ustabilt og reagerer fort, seier seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra. Fjellpartiet flyttar t seg med ei fart på 10-11 centimeter i døgnet.

Det har kome snø på toppen av fjellet Mannen i Rauma. Likevel er bevegelsane ved fjellet store.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) beheld difor raudt farenivå ved Mannen. Det blei klart på ein pressekonferanse i Romsdalen klokka 18.00 laurdag.

Oppdatering søndag morgon: Det kom fleire steinsprang frå fjellet i laurdag kveld. Rørslene auka i øvre del frå 10 til 16 centimeter i døgnet. NRK oppdaterer frå pressekonferansen søndag klokka 10.00 i ny artikkel.

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, sier at det fremdeles er store bevegelser ved Mannen. De evakuerte kan foreløpig ikke flytte hjem igjen. Se siste nytt fra pressekonferansen.

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, sier at det fremdeles er store bevegelser ved Mannen. De evakuerte kan foreløpig ikke flytte hjem igjen. Se siste nytt fra pressekonferansen.

Etter ein periode med mindre nedbør enn venta kom det kraftige regnbyer laurdag ettermiddag. Regnet førte til auka fart i utglidinga. Men frå laurdag kveld er det meldt om minusgrader høgt oppe i fjellet.

– Det blir minusgrader om nokre få timar. Så det blir spennande å sjå kva verknad dette har. Det spørs om regnet som kom no er nok til å få fjellet til å rase, sa seksjonsleiar Lars Blikra.

Bevegelsane ved det rasfarlege partiet ved fjellet Mannen er no på 10-11 centimeter i øvre del og 1-3 centimeter i nedre del. Det har vore plussgrader i fjellet, men det er meldt om minusgrader frå klokka 21.00 laurdag kveld.

Nær å oppjustere fleire gonger

Då farenivået blei oppjustert til raudt fredag, var det under ei veke sida førre oppjustering. Sist torsdag gjekk det eit stort steinras på mellom 1000–2000 kubikkmeter frå Mannen, noko som har gjort fjellet meir ustabilt. Blikra fortel at bevegelsane i fjellet har vore store sidan dei nedjusterte farenivået førre laurdag.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, seier dei har vurdert å oppjustere farenivået ved Mannen til raudt fleire gonger den siste veka.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Bevegelsane har ikkje gått ned så mykje som vi hadde forventa. Vi har vore nær å oppjustere farenivået fleire gonger denne veka, seier Blikra.

Den nedre delen av det rasfarlege partiet blir sett på som viktig for at det skal gå eit større ras.

– Denne fungerer som ein sterk front. Men også den nedre delen er i bevegelse no. Naturen er i ferd med å øydelegge den også.

Trass i at mykje av nedbøren har kome som snø, meiner seksjonssjefen det var rett å oppjustere farenivået.

– Vi ønskjer ikkje å sette folk i fare. Vi hadde nok sett enda større bevegelsar og fleire ras dersom nedbøren som var meldt hadde kome, seier Blikra.

Sjå NVE sine eigne bilde frå raset 13. september.

– Vi har ikkje akkurat flaks

Dette er den åttande gongen at bebuarane ved Mannen har blitt evakuert som følgje av rasfaren. Så langt i år har dei blitt evakuert tre gonger.

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi skal ha eit møte med dei no, men dei synest sjølvsagt at det er krevjande og frustrerande. Men eg må skryte av dei nok ein gang, dei tek det veldig bra, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Sjølv om bebuarane nesten har blitt vand med evakueringane vedgår Hustad at usikkerheita rundt situasjonen ved Mannen er ei utfordring.

– No skulle det kome mykje nedbør, men så kom den som snø, så vi har ikkje akkurat flaks om det er lov å bruke eit slikt uttrykk. Fokuset vårt er å vareta dei evakuerte, seier Hustad.

Vurderer situasjonen fortløpande

Den mest aktive delen av det rasfarlege partiet ved fjellet Mannen har flytta seg to meter det siste året.

Mannen

Bevegelsane ved fjellet Mannen i Rauma har vore store den siste veka.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er meldt 18–45 mm nedbør ved Mannen det neste døgnet, mykje av dette som snø. Temperaturen på Mannen ser også ut til å bli under 0 fram til onsdag. Det er viktig for utviklinga ved fjellet at nedbøren kjem som regn og ikkje snø, seier Blikra.

– Fjellpartiet er påverka av vatn og reagerer nesten momentant på dette. Men det er tidleg enno, så vi må forvente at snøen som ligg der vil smelte og påverke fjellet på eit seinare tidspunkt.

Seksjonssjefen fryktar likevel at det kan ta tid før det kjem eit stort ras frå Mannen dersom det ikkje blir høgare temperaturar utover hausten.

– Eg tenker mest på dei evakuerte. Det er ein vanskeleg situasjon for dei om det blir snakk om fleire månader med varierande vêr. Alle ønsker å få ned mest mogleg før vinteren kjem.

Sjå pressekonferansen klokka 10.00 her:

Her ligg det nærbilete frå det skredfarlege fjellpartiet Veslemannen.

Her ligg det nærbilete frå det skredfarlege fjellpartiet Veslemannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL