Hopp til innhold

Raudt farenivå ved Mannen: – Fjellet er meir ustabilt enn nokon gong

Fredag ettermiddag blei farenivået ved Mannen i Rauma igjen oppjustert til raudt. I løpet av natta og morgontimane laurdag har det blitt meldt om steinsprang frå fjellet, men ingen store hendingar.

Sjå direktebilete frå Mannen.

Laurdag klokka 10.00 blir det ei ny pressekonferanse med siste nytt frå situasjonen ved Mannen.

Lars Olav Hustad

EVAKUERING: Rauma-ordførar Lars Olav Hustad seier dei har god kontroll på situasjonen til dei evakuerte, sjølv om det er slitsamt for dei det gjeld. 11 personar bur i området.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dette er åttande gongen sidan 2014 at det er raudt farenivå ved det vesle, men svært aktive fjellpartiet i Rauma i Romsdal.

Alle gongane har innbyggjarane ved fjellpartiet blitt evakuerte.

– Det er slitsamt for innbyggjarane med så mange evakueringar, men vi visste tidlegare i dag at det kunne bli raudt nivå, seier ordførar Lars Olav Hustad til NRK.

Ventar mykje nedbør

Ifølgje NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) er grunnen til det raude farenivået auka hastigheiter i fjellet kombinert med vêr og vêrmeldingar.

– Rørslene har vore ganske høge den siste tida. Fjellet rører seg fort no. Dessutan er det meldt mykje nedbør framover. Derfor set vi no opp farenivået til raudt, seier vakthavande geolog Ingrid Skrede til NRK.

Ingrid Skrede

VAKTHAVANDE GEOLOG: Ingrid Skrede.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Døgnhastigheita er oppe i fire centimeter i døgnet i den øvre delen av området, og éin centimeter i den nedre delen av området. Meteorologisk institutt melder om mykje nedbør fram mot midnatt – og betydeleg meir etter det.

Nedbøren vil først kome som regn, deretter som sludd og snø, står det i grunngjevinga for det raude farenivået.

Det var klokka 16.00 fredag at farenivået vart sett opp til det høgste nivået.

Kor mange meter har Mannen eigentleg rørt på seg? Sjå NRK sin forklaringsvideo her.

– Veldig ustabil situasjon

Dette er tredje gongen i år farenivået blir raudt. Sist veke var det spesielt store rørsler i fjellpartiet. Då gjekk det mange steinras. Torsdag sist veke vart det meldt inn heile 12 steinras på to timar.

– Det er det største raset vi har sett, sa Jan-Tore Flovikholm ved Sivilforsvaret sin lyttepost til NRK etter eitt av rasa.

Han har vore stasjonert på Horgheim i Rauma alle dei åra Sivilforsvaret har vore ved Mannen.

– Situasjonen er veldig ustabil etter alle hendingane sist veke. Fjellet er meir ustabilt no enn nokon gong, seier seksjonssjef Lars Harald Blikra til NRK fredag kveld.

Sjå NVE sine eigne bilde frå raset 13. september.

– Må smørje oss med tolmod

Det spesielle sist veke var at det var så store rørsler i fjellet trass i lite nedbør. Men denne veka har det kome langt meir nedbør i området. Og meir er altså på veg.

Torsdag var farenivået sett opp til oransje nivå – altså det nest høgste.

Fredag ettermiddag vart farenivået justert ytterlegare opp til raudt, slik det var tre dagar sist veke.

– Situasjonen til dei evakuerte er under kontroll. No får vi endå ein gong smørje oss med tolmod, seier Lars Olav Hustad.

Mannen sivilforsvar og politi

PÅ PLASS VED MANNEN: Sivilforsvaret og politiet har kome til området ved det rasutsette fjellpartiet for å hjelpe til.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ifølgje vakthavande geolog Ingrid Skrede er ikkje rørslene enno like store som dei var på det verste sist veke. Det er for tidleg å seie kor store rørslene kan bli utover kvelden og natta.

– Det er meldt enormt med nedbør. Vi ser ikkje vekk frå at det blir raudt farenivå gjennom heile helga, seier seksjonssjef Lars Harald Blikra.

NB. Raumabanen mellom Bjorli og Åndalsnes er stengt grunna rasfaren. NSB køyrer buss for tog.

Mannen

MANNEN I DAG: Slik ser fjellet ut i dag. For tredje gong i år er farenivået sett opp til raudt – og innbyggjarane ved fjellet må evakuerast.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL