Hopp til innhold

– Det er framleis mange vegar som må rassikrast

Med stor festivitas blei tunnelen i Oppdølsstranda i Sunndal opna fredag. Dermed forsvann ei av dei mest rasfarlege strekningane i Noreg. Men det står att eit stort arbeid for å få rassikra norske vegar.

I Møre og Romsdal er det gjennomført ei rekkje store rassikringsprosjekt dei siste åra, sidan Stordalstunnelen blei opna i 1998. Hausten etter, i 1999, la regjeringa Bondevik fram ein nasjonal rassikringsplan. Deretter har rassikringsprosjekta blitt gjennomført i rekkje og rad.

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim er Møre og Romsdal sin representant i den nasjonale rassikringsgruppa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne er leiar i samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
– I forhold til resten av landet har Møre og Romsdal kome godt ut. Vi har fått vår del av rassikringsmidlane som har vore fordelt nasjonalt. Dette skal vi vere kjempeglade for, sjølv om det framleis står mykje ugjort, seier Møre og Romsdal sin representant i Nasjonal Rassikringsgruppe, Lilly Gunn Nyheim.

Alt før «rassikring» var blitt eigen post på Statsbudsjettet blei den lange Innfjordtunnelen bygt, etter ei skredulukke. Deretter kom Stordalstunnelen i 1998, etter langvarig politisk kamp. Med desse tunnelane, og Øksendalstunnelen som opna år 2000, var det sett fart i rassikringa med eigne planar og eigen post på statsbudsjettet.

Dette er dei store prosjekta

  • Innfjordtunnelen
  • Stordalstunnelen
  • Rotsethorntunnelen
  • Dyrkorntunnelen
  • Måndalstunnelen
  • Øksendalstunnelen
  • Jordalsgrenda
  • Hjartåberga
  • Oppdølsstranda
  • Vågstrandtunnelen
  • Røyr Hellesylt

Vågstrandtunnelen i Rauma opnar til jul 2014. Også på strekninga Røyr-Hellesylt er anleggsarbeidet starta, og skal stå ferdig i løpet av 2016.

– Vi har fått gjennomført mykje innan rassikring dei siste åra. Det har vore brukt milliardvis av kroner i Møre og Romsdal. Staten har hjelpt oss godt med dette. Situasjonen ser mykje betre ut no enn for berre nokre få år sidan, seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne.

Rasfarlege vegar

Dette er oversikta over dei rasfarlege vegane i Møre og Romsdal. Fleire av desse, blant andre Hjartåberga og Oppdølsstranda er no rassikra.

Foto: Statens Vegvesen

Geiranger står for tur

I slutten av 2016 blir den siste av tunnelane på strekninga Røyr-Hellesylt på Fylkesveg 60 opna. Dette blir ein lang tunnel som kostar godt og vel éin milliard kroner å byggje. Då står FV 63, Eidsdal-Geiranger for tur.

På denne strekninga skal det mellom anna Korsmyrdaltunnelen byggjast. Denne går forbi dei rasutsette punkta Korsnyrdalsfonna, Bulegfonna, Setrefonna, Grandehaugfonna, Korsmyra, Resmyra, Oppskredfonna og Skårane.

– Det er heilt klart Geiranger som står for tur når vi er ferdige på Røyr-Hellesylt. Så har vi også nokre prosjekt i Norddal, og for ikkje å snakke om Eikesdalen, seier Vatne.

– Store utfordringar

Både i Møre og Romsdal og i resten av Noreg står rassikringsprosjekta i kø. Utfordringane er store, ikkje minst i fjellfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. I det siste har også Oppland kome med i rassikringsgruppa. Det har vore drøfta om også Trøndelag bør kome med. Noko av bakgrunnen er klimautfordringane, der faren for jord- og leirskred blir sett meir og meir på dagsorden.

På nasjonalt plan har vi i rassikringsgruppa ei målsetjing om at alle vegar i Noreg skal vere sikra mot ras innan 2030. Den målsetjinga er mogleg å realisere med ein forholdsvis svak auke i innsatsen, seier Nyheim.

Den som er oppteken av rassikring har nok å henge fingrane i framover?

Ja, absolutt. Det er ingen tvil om det. Vi tek utfordringa og vi skal jobbe målretta med dette, seier Lilly Gunn Nyheim til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL