Hopp til innhold

Folkefesten i Sunndal har starta

SUNNDAL (NRK.no): I dag klokka 13.00 opna tunnelen i Oppdølsstranda i Sunndal, men i første omgang berre for fotgjengarar. Klokka 15.00 er det offisiell opning.

Oppdølsstranda

Folkefesten opna med tunnelvandring klokka 13.00 fredag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Svein Erik Nilsen

Svein Erik Nilsen har køyrd strekninga dagleg i sju år. No gler han seg til trygg pendling.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Klokka 13.00 hadde mykje folk samla seg utanfor tunnelopningane. Dei ville inn og sjå korleis den nye tunnelen ser ut på innsida.

Tunnelen ser veldig bra ut. Den er lys og den er brei, seier Svein Erik Nilsen. Han deltok på tunnelvandringa og skulle inn for å vere med på opninga av tunnelen. Han kjem til å bruke tunnelen kvar dag.

Kor viktig er tunnelen?

Eg køyrer her kvar dag. Og det er jo farleg her. På dei 7 åra eg har køyrd her har eg opplevd eit par ras og alt det fører med seg. Og eg har vore redd nokre gonger, særleg om vinteren, seier Nilsen.

Svært rasfarleg

Oppdølsstranda er ei rasfarleg strekning mellom Sunndalsøra og Ålvundeid. Strekninga er vurdert som den desidert mest rasutsette strekninga i Midt-Noreg.

Det har gått ei rekkje ras, og dei siste åra har vegen vore stengd i lengre periodar. Ei av dei mest alvorlege hendingane skjedde 24. august 2008, då ein mann blei alvorleg skadd i eit skred.

Heilt fram til no har skulebarna blitt frakta med båt forbi den rasfarlege strekninga.

14. mars 2011 gav dåverande samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa klarsignal om at Vegdirektoratet kunne lyse tunnelanlegget ut på anbod. Dette skjedde etter langvarige folkeaksjonar og politisk arbeid.

– Flaggdag i dag

På veg inn til opninga i tverrslaget møter NRK to kvinner. Dei fortel at dei begge har heist flagget i dag. For dette er ein stor dag for både Ragnhild Hoseth og Randi Torbjørnsen.

– Det er flaggdag i dag. Dette er ei begivenheit. Det er så viktig, for det har jo gått ras heile tida i denne stranda. Tunnelen er kjempefin. Endeleg blir det trygt å køyre her, seier dei to nesten i kor.

Oppdølstunnelen

Ragnhild Hoseth og Randi Torbjørnsen gler seg over den nye tunnelen. I dag er det flaggdag, seier dei.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

– Frykta ras heile tida

Ein av dei som gler seg over at tunnelprosjektet står ferdig er geolog Kåre Ingolf Karlson. Meir enn dei fleste andre veit han kor farleg fjellet er, eit fjell han har studert og undersøkt fleire gonger.

Det er godt at vi no slepp å reise på den rasfarlege Oppdølsstranda. Eg har vore på fleire turar ut i der, seier han når NRK møter han i tunnelen like før opninga.

– Mange seier at dette er ei av dei mest rasfarlege strekningane i landet. Kva har gjort Oppdølsstranda så farleg?

Her har det vore både store steinsprang og snøskerd. Og det har vore svært vanskeleg å forutseie når skreda kunne kome. Vi har hatt ei uro heile tida. No treng vi ikkje frykte dette lenger, seier Karlson.

Fredag stengjer ein av landet mest rasfarlege vegar. Då skal all trafikk forbi Oppdølsstranda i Sunndal gå gjennom den nye tunnelen. Milliardprosjektet er i mål - og framleis står det igjen pengar på bok.

Aksjon for rassikring

Blant dei mange som går inn i tunnelen er Anders Røkkum. For 7 år sidan valde han å halde barna sine heime frå skulen, fordi skulevegen på Oppdølsstranda var rasfarleg. Røkkum blei ein av pådrivarane for å få bygt tunnelen. I dag får han vere med på den offisielle opninga av tunnelen.

Den som ikkje prøver får ikkje til noko. I dag er det ein stor dag, det blir ein ny kvardag for oss, seier Røkkum.

– Det var ikkje alle som likte at de heldt barna heime den gongen?

– Nei, ikkje alle. Nokre tykte at vi skremde barna våre. Og det var med blanda kjensler vi heldt barna heime, seier Røkkum.

– Arbeidde godt saman

Anders Røkkum blei leiar i ei rassikringsgruppe i Sunndal og i aksjonsgruppa for tunnel i Oppdølsstranda. Sjølv vil han ikkje overdrive si eiga rolle i arbeidet med å få vedteke at tunnelen skulle byggjast.

Vi var seks personar i gruppa. Alle arbeidde godt saman. Eg sto fram i media og fekk ein del fokus.

Oppdølsstranda gjennomslag

Det er alltid ein milepæl når salva går slik at det blir hol gjennom heile tunnelen. Her er det gjennomslag i tunnelen i Oppdølsstranda.

Festivitas i dag

Det blir stor festivitas i Sunndal når tunnelen skal opnast. Fredag klokka 13.00 er det mogleg å gå inn i tunnelen. Frå klokka 14.45 er det korpsmusikk å høyre. Den offisielle opninga skjer klokka 15.00. Anders Røkkum og skulebarn skal halde i snora når statssekretær i samferdsledepartementet Bård Hoksrud klipper snora.

Eg skal vere med på tunnelvandringa. Og så blir det vel ein seanse inne i tunnelen ved tverrslaget i Sandvika. Her kjem ein kar som skal klippe snora, så dette må vi vere med på, seier Røkkum med glimt i auget.

Oppdølsstranda

Tunnelen går mellom Sunndalsøra og Modalen ved Ålvundeid.

Foto: Kart / Vegvesenet

Markeringa går føre seg ved tverrslaget i Sandvika, om lag midtvegs i tunnelen. Tverrslaget er som ein sideveg ut av tunnelen i Sandvika, som er rekna som trygg for skred. Tverrslaget skal brukast som rømningsveg, og blei nytta som anleggstilkomst, slik at tunnelen i periodar kunne drivast frå fire punkt.

Når snora er kutta går vi gjennom tverrslaget og ut i Sandvika. Her blir det meir underhaldning, talar og grillmat, og kaffi og kaker til alle frammøtte, seier prosjektleiar Per Bjørn Gjelsten. Han skal også vere konferansier under opninga.

– Vi er audmjuke

Dette vert nok siste gongen folk flest får lov til å gå i tunnelen. Og straks vegvesenet er sikre på at alle har kome seg ut av tunnelen etter opningsseremonien, blir det lov å køyre bil gjennom tunnelen. Dette kan bli så seint som klokka 18.00 - 19.00 fredag.

– No blir det trygt å sende kjerringa på arbeid og barna på skulen. Samstundes er vi audmjuke fordi vi faktisk har fått denne tunnelen. Det er mange som framleis lever under rasfarlege forhold, og som sender sine gjennom rasfarlege vegar, seier Røkkum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL