NRK Meny
Normal

Ny tunnel skal sikre vintervegen til Geiranger

Statens vegvesen vil bygge ein sikker og trygg vinterveg mellom Eidsdal og Geiranger. Vegen er i dag svært utsett for ras.

Snøfonn Geiranger

Geiranger har fleire gonger vorte isolert etter snøras. Her frå mars 2010.

Foto: Terje Rusten

Arnljot Muren, Knut Nauste

Arnljot Muren (t.v.) har kjempa lenge for rassikring av vegen mellom Eidsdal og Geiranger.Knut Nauste (t.h.) i Statens vegvesen seier planane er i gong.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dette neste store rassikringsprosjektet i fylket etter Røyr – Hellesylt blir no planlagt for å gi Geiranger trygg heilårsveg. Det skal byggjast ein 4,7 kilometer lang tunnel i eitt løp mellom Korsmya og Indreeide på strekninga Eidsdal – Geiranger.

– Vi ser no på moglegheitene for å lage ein tunnel på vestsida av dalen. Det er mest realistisk å byggje ein einfeltstunnel, for dette vert primært ein vintertunnel, seier avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen.

Slepp å verte isolerte

Fylkesvegen mellom Geiranger og Eidsdal er i snitt stengt eit tjuetals gonger i løpet av vinteren. Geiranger veginvest er ei interessegruppe som har store interesser av i å sikre Geiranger trygg heilårsveg. Arnljot Muren rosar Statens vegvesen for arbeidet han trur vil gi ein god og trygg heilårsveg.

Geiranger Invest sine illustrasjoner av prosjektet

– Det har blitt laga ei heilskapleg løysing for dei tjue raspunkta som er i området. Løysinga vil gjere at folk i Geiranger slepp å bli isolerte vinterstida, seier Muren.

Fredag skal Muren møte statssekretæren i samferdselsdepartementet om rassikringa av Geirangervegen.