Hopp til innhold

Frå ein stolen båt til ein annan

I morgontimane tysdag vart ein ny båt stole frå Ålesundsområdet. Tjuvane forlét truleg ein anna stolen båt i tjuveriet.

 25 f. Day Cruiser stjålet 28.07.15

Denne båten vart stolen frå området Humla – Vegsundet i Ålesund tysdag morgon.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

– Båten vart stole frå området Humla – Vegsundet i Ålesund i femtida tysdag morgon, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Det skal vere snakk om ein kvit 25 fots day cruiser.

båttjuveri 28072015

I samanheng med tjuveriet i Vegsund vart det lagt igjen ei raud jolle.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

I samanheng med tjuveriet vart det lagt igjen ei raud jolle. Politiet ber eigaren om å ta kontakt.

Ein politibåt heldt lenge følgje med båten, men dei to tjuvane om bord i båten slapp til slutt unna.

– Vi måtte gi oss fordi båttjuvane tok sjansar ute på havet som gjorde at vi meinte det ikkje var forsvarleg å følgje etter, seier Borge Amdam, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Båten vart sist observert på veg ut Breisundet.

Politiet ønskjer tips på telefonnummer 02800, dersom nokon har sett båten eller tjuvane.

Det siste av mange

Båttjuveriet tysdag morgon er det siste av mange båttjuveri og innbrot i båtar den siste tida.

Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere ein samanheng mellom tjuveria.

– Vi vil gjerne få tatt desse tjuvane, seier Amdam.

Sunnmøre politidistrikt har tidlegare oppmoda båteigarar om å sikre båtane sine så godt som råd.

– Vi veit at det ikkje er like lett å sikre alle båtane, men småbåthamnene er ofte isolerte og båtane blir ståande lenge utan tilsyn, så vi oppmodar båteigarane om å sikre verdiane sine i den grad dei kan, seier Amdam.