Hopp til innhold

Køyrde rett i fjøra i stolen båt

Seint fredag kveld vart ein båt stolen frå Langevåg i Sula. Politiet leitte med båt, men fekk ikkje tak i tjuven. No vil dei ha tips frå folk.

Politi

BÅTTJUV: Politiet ønskjer no tips frå folk om den stolne båten.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Etter at den rusa tjuven hadde stole båten frå Langevåg køyrde han opp i fjøra på Grimstadholmen i Ellingsøyfjorden.

Før politiet kom fram hadde tjuven allereie kome seg på nordsida av Ålesund med båten. Han oppdaga at politiet var etter han, og stakk difor vidare nordover mellom Vigra og Lepsøya.

Båten, som er ein Nordkapp Bowrider på om lag 17 fot, vart sist sett på veg sørover forbi Erkna og Godøya mot Ulstein.

– Båten er framleis ikkje funnen, fortel operasjonsleiar Jon Kåre Flo i politiet tidleg laurdag morgon.

Fekk problem med politibåten

Han legg til at politiet måtte avbryte jakta på tjuven etter at dei fekk problem med politibåten.

– Vi kjem til å fortsette å halde utkikk etter båten. Men vi vil gjerne at folk tipsar oss viss dei ser den, seier han.

Eigarane, som er på ferie, vil melde saka til politiet måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL