Hopp til innhold

Etterlyser mann etter innbrot i båt

Sunnmøre politidistrikt ønsker tips etter at ein mann forsøkte å bryte seg inn i ein båt i Ålesund.

Etterlyser mann etter forsøk på båttyveri

Gjerningsmannen vart avbilda på eit kamera med sensor som var i båten.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Det var natt til søndag at ein mann tok seg inn i ein båt på Tørla i Ålesund, truleg for å stele båten.

Der vart han fanga på film av eit kamera med sensor som var installert i båten.

– Bilete er noko utydeleg så vi ønsker tips frå publikum dersom nokon skulle kjenne han att, seier Borge Amdam, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

– Dersom nokon dreg kjensle på kleda eller personen oppmodar vi dei til å tipse oss, held han fram.

– Kontroller båtane

Båten låg ved Kjerringsundet småbåthamn, men ifølgje Amdam var det ikkje gjort skade på båten.

Operasjonsleiaren ber båteigarar i nærleiken om å kontrollere båtane sine søndag.

– Det er lite truleg at han gav seg med det eine forsøket, seier han.

Fleire båttjuveri

Den har vore ein rekke båttjuveri på Sunnmøre den siste tida, og Amdam ber båteigarane om å sikre båtane sine så godt som råd.

– Vi veit at det ikkje er like lett å sikre alle båtane, men småbåthamnene er ofte isolerte og båtane blir ståande lenge utan tilsyn, så vi oppmodar båteigarane om å sikre verdiane sine i den grad dei kan, seier han.

Tips til politiet kan ringast inn på telefonnummer 02800.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL