Hopp til innhold

Politiet jaktar på båttjuvar

To menn som gjorde innbrot i båt og naust på Ellingsøya, stakk av i ei lita jolle. Politiet leitar no etter tjuvane. Dei har sett inn politibåt i søket.

Ålesund

Dei to mennene vart oppdaga då dei skal ha gjort innbrot i båtar og naust på nordsida av Ellingsøya. Tjuvane hoppa opp i ei jolle med ein liten påhengsmotor og sette kursen vestover i retning Valderøya/Vigra.

– Akkurat kvar dei er no, veit vi ikkje, men vi håper på tips, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Politiet leita først etter tjuvane i bil, men har no sett inn politibåt i søket.