Hopp til innhold

Forsvararen: – Eritreisk drapstiltalt vedgår straffskuld

Forsvararen til den eritreiske mannen som er tiltalt for drap på kjærasten på Sunndal asylmottak, seier at klienten hans vedgår straffskuld. Måndag startar rettssaka.

Asylmottaket i Sunndal

Mannen som stod bak drapet på ei 17 år gamal jente på asylmottaket i Sunndal i november 2015 møter denne veka i Romsdal tingrett.

Foto: Eirik Haukenes

Det har gått snart halvtanna år sidan den 17 år gamle jenta Frutuna Tsegay blei knivstukken og drepen på asylmottaket i Sunndal. Den eitt år eldre kjærasten vedgjekk allereie dagen etter at han stod bak, men han har tidlegare hevda at han ikkje huska noko.

Måndag startar rettssaka mot mannen, og forsvarar Jørgen Riple seier til NRK at klienten hans kjem til å vedgå straffskuld.

Forsvarer Jørgen Riple

Forsvarar Jørgen Riple seier klienten hans aksepterer vurderinga frå dei sakkunnige om at han ikkje var psykotisk under drapet.

Foto: Steinar Apalnes / NRK

No har det kome ein rapport frå to sakkunnige som konkluderer med at han ikkje var psykotisk og min klient aksepterer den vurderinga, seier Riple til NRK.

Les også:

Skal ha blitt stukken 37 gongar

mottak drap

Drapet skjedde her på asylmottaket i Sunndal torsdag 19. november 2015 om lag klokka 20.30.

Foto: Ingrid Ellevset / Driva / NTB scanpix

Ifølgje tiltalen blei den 17 år gamle jenta knivstukken 37 gongar, fleire stader på kroppen. Tsegay døydde kort tid etter som følgje av skadane ho var påført.

Eit sentralt tema i retten blir truleg om drapet var planlagt eller skjedde der og då, og dermed kan gje mildare straff.

– Her vil nok statsadvokaten meine at det er overlagt, vi vil meine at det er forsettleg, seier Riple.

Han vil ikkje gå inn på kva den eritreiske mannen har forklart om motivet for drapet.

Les også:

Vil argumentere for overlagt drap

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er aktor i saka, og ho stadfestar at ho kjem til å argumentere for overlagt drap.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim representerer politiet i rettssaka mot den 19 år gamle drapsmannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi meiner at det var ei planlagt og veloverveid handling, det er nok dette som blir stridstema i retten, seier ho.

Ber om 200 000 kroner

Bistandsadvokat Anne-Marie Berg representerer mora til den eritreiske jenta. Politiet måtte leite i dagevis før dei klarte å spore henne opp i Eritrea. Ifølgje Berg kjem ho ikkje til Nordmøre når saka startar, men fleire slektningar i Bergen har tatt kontakt og vil møte opp.

Portrett Anne-Marie Berg

Anne-Marie Berg representerer mora til den eritreiske jenta som blei drepen, og seier det har vore svært tungt for henne.

Foto: Studio G Heimdal

– Det er klart forferdeleg for henne, det var svært tungt og ho er langt borte, det gjer det ikkje enklare, seier bistandsadvokat Anne-Marie Berg til NRK.

Faren lever ikkje lenger, og Berg seier ho kjem til å legge ned påstand om 200 000 kroner i erstatning til mora.

Risikerer mange år bak murane

Riple meiner drapsmannen sin låge alder er eit formildande omstende, men seier 19-åringen no risikerer mange års fengsel.

Han vil nok få mellom 10–11 år i beste fall, kanskje opp mot 16 år, dersom statsadvokaten vinn fram med si oppfatning, seier han.

Det er sett av tre dagar til rettssaka. Måndag startar partane med innleiingsforedrag i retten, før den tiltalte mannen skal forklare seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL