Leitar etter pårørande

Politiet er i ferd med å få eit klart bilde av kva som skjedde då ei 17 år gammal jente vart drepen på asylmottaket i Sunndal førre veke, men det er ei stor utfordring å få varsla dei pårørande til jenta.

mottak drap

Det var førre veke at ei 17 år gammal jente vart knivdrepen i Sunndalsøra.

Foto: Ingrid Ellevset / Driva / NTB scanpix

Snart fire døgn har gått sidan politiet blei kalla ut til asylmottaket i Sunndal og fann ei 17 år gamal jenta knivstikket i magen. Jenta døde seinare av skadane. Ved mottaket har landsmenn frå Eritrea sørga, men familien til jenta er framleis ikkje informert om tragedien.

– Vi veit foreløpig ikkje om vi har fått varsla dei som skal varslast, noko som er svært viktig for oss i ei slik sak, seier politimeister Arnstein Nilssen.

Han fortel vidare at det er viktig for politiet at namnet til den drepne 17-åringen ikkje skal bli kjent gjennom pressa.

– Vi vil difor ikkje offentleggjere namnet på den døde før vi veit at vi har varsla familien, seier Nilsen.

Kan ha funne drapsvåpenet

I helga fann politiet kniven som kan ha vore våpenet den 18 år gamle antekne gjerningsmannen skal ha brukt.

Politimeisteren ved asylmottaket i Sunndal

Politimeister i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen seier at dei ikkje kjenner motivet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

18-åringen er foreløpig siktet for grov kroppsskade med døden til følge. Han stakk frå åstaden, men vart arrestert utan dramatikk kort tid etter. Han og den avdøde 17-åringen skal ha vore kjærastar.

Mannen kom på besøk frå Stavanger kort tid før drapet, og funnet av drapsvåpenet kan vere med på å seie noko om kvar kniven kom frå, og dermed om handlinga var planlagt eller ikkje.

– Kniven er sendt til Kripos for nærare undersøkingar, seier Nilsen.

– Er de nærare å få eit bilete av kva som har skjedd?

– Ja, vi har for så vidt danna oss eit bilete av det som har skjedd, men det er ein del av ei pågåande etterforsking, så det vil vi halde for oss sjølv enn så lenge, seier Nilsen.

Sjå tv-saka:

Politiet er iferd med å få eit klart bilde av kva som skjedde då ei 17 år gammal jente vart drepen på asylmottaket i Sunndal forrige veke. Det er ei stor utfordring å få varsla dei pårørande til jenta.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.