Hopp til innhold

Fekk 18 år for knivdrap på kjærasten i asylmottak

Ein 19 år gamal mann frå Eritrea er dømt til 18 års fengsel for drapet på den 17 år gamle kjærasten sin. Ho vart knivstukken 36 gongar på Sunndal asylmottak.

Asylmottaket i Sunndal

Mannen som drap kjærasten sin på asylmottaket i Sunndal i november 2015, vedgjekk straffskuld.

Foto: Eirik Haukenes

Det var 19. november 2015 at 17 år gamle Frutuna Tsegay vart drepen på asylmottaket i Sunndalsøra. Denne veka har saka vore oppe i Nordmøre tingrett. 19-åringen sa i retten at drapet skjedde på impuls då kjærasten gjorde det slutt. Han vedgjekk drapet, men sa at det ikkje var planlagt.

Ingvild Thorn Nordheim

Ingvil Thorn Nordheim er aktor i saka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Torsdag dag fall dommen og mannen vart dømt til fengsel i 18 år for overlagt drap. Dette var i tråd med påstanden til både påtalemakta og bistandsadvokaten.

– Retten la til grunn at handlinga vart planlagt, seier aktor Ingvild Thorn Nordheim.

I retten forklarte eritrearen at han tok fly frå Stavanger til Trondheim på drapsdagen. I Trondheim kjøpte han ein kniv, før han reiste vidare til asylmottaket i Sunndal, der den 17 år gamle kjærasten hans budde. Han huska at han drog fram kniven og stakk. Deretter svartna det for han.

Dømt til erstatning

Portrett Anne-Marie Berg

Bistandsadvokat Anne-Marie Berg seier at dommen er som venta.

Foto: Studio G Heimdal

Mannen vart dømt til å betale 200.000 kroner i erstatning til jentas mor. Bistandsadvokat Anne-Marie Berg representerer mora til den eritreiske jenta og seier at dommen vart som venta.

– Mora vil sjølvsagt synest det er bra at gjerningsmannen får straffa si. Ho tar dødsfallet svært tungt, seier Anne-Mari Berg. Mora bur framleis i Eritrea.

Skuffa over dommen

Advokat Jørgen Riple

Forsvarar Jørgen Riple seier at 19-åringen er skuffa over å få så lang fengselsstraff.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Forsvarar til 19-åringen, Jørgen Riple, sa til NRK onsdag at han håpte straffa vart om lag 12 år. I dag er både han og 19-åringen skuffa.

– Han er 19 år og har han fått ein dom på fengsel i 18 år. Det framstår som svært lenge for han, seier Riple.

Over helga skal 19-åringen vurdere om han vil anke saka.

LES OGSÅ: