NRK Meny
Normal

Kripos sikrar spor etter drapet på asylmottak

Kripos og lokale teknikarar arbeider laurdag med å sikre spor etter drapet på asylmottaket i Sunndal. Dei trur dei kan ha funne drapsvåpenet.

Asylmottaket i Sunndal

Tekniske og taktiske etterforskarar arbeider i helga vidare med å oppklare kva som skjedde då ei 17 år gamal jente døydde etter å ha blitt utsett for grov vald på Sunndal asylmottak torsdag.

Foto: Eirik Haukenes

Ifølgje politivakta er det fleire politifolk frå Kripos og det lokale politiet som laurdag arbeider med å sikre spor.

Dei skal mellom anna sikre fingeravtrykk som skal vere avsett i blod, opplyser politivakta.

Arnstein Nilssen

Politimeister Arnstein Nilssen seier dei har funne ein kniv, men kan ikkje slå fast at det er drapsvåpenet.

Foto: Roar Halten / NRK

Politimeister Arnstein Nilssen stadfestar at etterforskinga går føre seg for fullt i helga.

– Vi har taktiske og tekniske etterforskarar på staden, mellom anna to frå Kripos. Hensikta er å finne spor for å sikre bevis. Samstundes går føre seg det avhøyr av vitne, seier han.

– Reknar de saka som oppklart?

– Ja, men vi sikrar oss likevel spor for å kunne vere bombesikre, seier han.

Kan ha funne drapsvåpenet

Politimeisteren seier laurdag ettermiddag at dei har funne ein kniv, men at dei ikkje veit om dette er drapsvåpenet.

Nei, det kan vi ikkje seie, det må undersøkjast, seier han. Nilssen vil ikkje seie kvar kniven blei funnen.

Fredag leitte hundar etter ein kniv.

Vedgår drap på kjærasten

Politiarbeid ved Sunndal asylmottak

Politiet held fram den tekniske og taktiske etterforskinga utover helga.

Foto: Eirik Haukenes

Fredag kveld blei det kjent at den 18 år gamle mannen som er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje, vedgår å ha tatt livet av henne. Dette skjedde ved Sunndal asylmottak torsdag kveld.

Mannen er no varetektsfengsla i fire veker, dei to første vekene i full isolasjon.

Les også:

Tidens Krav skreiv fredag at den sikta 18-åringen forklarte under fengslingsmøtet at 17-åringen som er død, var kjærasten hans.

– Dette er ei stor tragedie. Klienten min er svært nedbroten. Har langt nede psykisk og har slite med dårleg psyke over lang tid, sa forsvar Steinar Wiik Sørvik fredag.

Ifølgje han har mannen vedgått drapet, men anar ikkje korleis det har skjedd.

Den 17 år gamle jenta budde på asylmottaket. Det gjorde ikkje 18-åringen.