Hopp til innhold

Sunndalsøra prega etter drapet

Sunndal kommune har sett krisestab for å ta i vare dei som bur og arbeider på mottaket på Sunndalsøra. Ei 17 år gammal jente blei knivstukken og drepen torsdag kveld.

mottak drap

Sunndal-samfunnet er prega etter hendinga torsdag kveld.

Foto: Ingrid Ellevset / Driva / NTB scanpix

I dag tidleg skal ordføraren og rådmannen i møte med mottaksleiinga. Då står ivaretaking av dei som har sitt daglege arbeid på mottaket, samt dei andre som bur der, høgt på lista. Også Sunndal-samfunnet generelt må bli varetatt.

Sterkt prega

Operasjonsleiar hos politiet, Jarl Aspen, seier til NRK at dei andre bebuarane er sterkt prega av den sjokkarta hendinga, og at dei blir varetatt av helsepersonell.

Ståle Refstie

Ordføraren ønskjer å vareta bebuarar og tilsette.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er alltid ein fare for at folk blir redde når slike ting skjer, seier ordførar Ståle Refstie (Ap).

Han seier dessutan at det er viktig å finne ut kva som har skjedd. Ein mann som også bur på asylmottaket er pågripen og sikta for hendinga.

Vitneavhøyr

I dag held politiet fram med å avhøyre vitne. Både den drepne og den sikta har bakgrunn frå Eritrea. Han har vore i Noreg i eitt år, offeret ikkje så lenge, seier Aspen til NTB.

I løpet av dagen blir det avgjort om den sikta 18-åringen blir varetektsfengsla. Han er førebels sikta for grov kroppsskade med dødsfølge, seier politiadvokat Knut Meek Corneliussen til Adresseavisen.

Han kan førebels ikkje seie noko om relasjonen mellom dei to eller kva som skjedde før knivstikkinga.

Mindre hendingar

Brann på asylmottaket i Sunndal

Dette biletet er frå ein tidlegare brann på mottaket.

Foto: Jan Erik Vangen

Ifølge ordføraren har det tidlegare vore få problem med mottaket, men nokre mindre hendingar med ujamne mellomrom. Mottaket har vore i drift i 17 år.

– Mange her kjem med ein stor ballast, men tonen mellom asylsøkarane og innbyggarane har vore god. Men dette er ein tragisk situasjon for dei som bur og jobbar på mottaket, for innvandrartenesta vår. Det er også til ettertanke for alle som bur på Sunndalsøra, seier Refstie til NRK.