NRK Meny
Normal

Vil ha 18 års fengsel for asyldrap

Aktor Ingvild Thorn Nordheim legg ned påstand om 18 års fengsel for mannen som har tilstått drapet på den 17 år gamle kjærasten sin på asylmottaket på Sunndalsøra.

Asylmottaket i Sunndal

Mannen som stod bak drapet på ei 17 år gamal jente på asylmottaket i Sunndal i november 2015 møtte denne veka i Nordmøre tingrett.

Foto: Eirik Haukenes

Måndag starta rettssaka der ein 19 år gamal eritrear er tiltalt for å ha drepe kjærasten Frutuna Tsegay på asylmottaket på Sunndalsøra den 19. november 2015. Mannen knivstakk henne 36 gongar og forklarte i retten at det skjedde på impuls då kjærasten gjorde det slutt.

Aktor Ingvild Thorn Nordheim har lagt ned påstand om fengselsstraff i 18 år.

– Eg meiner at han skal dømast for overlagt drap, seier Nordheim.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim har lagt ned påstand om 18 års fengsel for drapet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kjøpte kniv

Eritrearen har forklart at han tok fly frå Stavanger til Trondheim på drapsdagen. I Trondheim kjøpte han ein kniv, før han reiste vidare til asylmottaket i Sunndal, der den 17 år gamle kjærasten hans budde.

I retten sa han at han ikkje ynskte leve lengre, då jenta gjorde det slutt med han. Han huska at han drog fram kniven og stakk. Deretter svartna det for han. 19-åringen gøymde seg i skogen etter drapet. I retten forklarte han at han prøvde å ta livet sitt etterpå ved å henge seg med eit belte, men lukkast ikkje. Kniven hadde han mista.

– Vi meiner det var ei planlagt reise, der han kjøpte ein kniv som var drapsvåpen. Vi meiner det var ei veloverveid og planlagt handling at han skulle drepe henne då han kom til Sunndalsøra, seier Nordheim.

– Skjedde i affekt

Advokat Jørgen Riple

Jørgen Riple er forsvarar for den 19 år gamle eritrearen. Dei håper på 12 års fengsel.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Forsvararen til 19-åringen, Jørgen Riple, håper at straffa landar på rundt 12 år.

– Forskjellen mellom vårt standpunkt og statsadvokaten sitt standpunkt er om drapet har vore planlagt. Vi meiner drapet skjedde i affekt, seier Riple. 19-åringen har erkjent straffeskuld for å ha drepe kjærasten sin og veit at han får ei lang fengselsstraff for det han gjorde.

– Her er usemja om det skal vere 12 år eller 18 år. Det blir uansett ei lang straff, seier Riple.

Dommen i saka fell torsdag ettermiddag.