Hopp til innhold

Forsvann for snart eit år sidan – no går politiet gjennom saka på nytt

Eitt år etter at Maja Herner (25) vart meldt sakna etter ein fjelltur står politiet framleis utan spor. No går dei gjennom saka på nytt, men ordføraren tvilar på at ho er i fjellet.

Maja Herner og Saudehornet

SAKNA: Den polske kvinna Maja Herner gjekk på ein fjelltur opp Saudehornet i Ørsta onsdag den 21. november i 2018. Sidan har ingen sett henne.

Foto: Einar Orten Trovåg (NRK) og privat

I snart eit år har politiet søkt etter den polske kvinna Maja Herner, som vart meldt sakna den 21. november i 2018.

Herner skal ha gått i retning mot det 1303 meter høge fjellet Saudehornet i Ørsta, då ho forsvann, og sidan har ingen sett ho.

No vil politiet gå gjennom saka med nye auge.

– Vi skal no gjennomgå etterforskinga på nytt, for å sjå om det er noko vi har oversett, seier stabssjef i politiet, Kenneth Sætre.

Ordføraren i Ørsta seier bygda no byrjar å tvile på om ho at ho faktisk skal ligge i fjellet.

Stein Aam (Sp)

TVILANDE: Ordføraren i Ørsta, Stein Aam, seier Saudehornet er eit populært turmål i Ørsta.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det har vore store leiteaksjonar det siste året, og eg klarar ikkje forstå at ho ikkje er funnen dersom ho er der oppe, seier ordførar, Stein Aam (Sp).

Sjølv har han gått denne fjellturen mange gongar, og kjenner fjellet godt.

– Leitemannskapet har vore alle stadar det er mogleg å komme til, så eg er tvilande til at ho skal vere i fjellet, seier han.

Men politiet stadfestar at dei framleis jobbar ut ifrå sin hovudteori, som er at ho skal vere i fjellet.

– Vi har jobba veldig breitt i denne saka, og ikkje funnet noko opplysingar som tyder på at ho ikkje skal vere i fjellet, seier han.

Saudehornet

FJELL: Det er fjellet Saudehornet i Ørsta som Maja Herner skal ha gått tur i når ho forsvann. Eit populært turområdet for mange.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Vanskelege leiteforhold

Politiet har lita tid på seg for å kunne leite i fjellet. I august i år starta dei å søke etter den sakna med drone, etter at snøen hadde smelta. No byrjar temperaturen å falle igjen, og snø kan igjen øydelegge for leitinga.

– Vi har trua på at vi kan finne ho i løpet av hausten, det er derfor vi held fram med leitinga, seier Sætre.

Søket med drone har ikkje gitt noko resultat foreløpig.

– Vi har no undersøkt nærmare alle bilda vi har teke med drone, men utan resultat, seier stabssjef i politiet, Kenneth Sætre.

Både sivilforsvaret og frivillige deltok i leiteaksjonen i november i fjor, for å finne Maja Herner.

Leiteaksjon etter sakna Maja Herner i Ørsta

LEITEAKSJON: Både sivilforsvaret og frivillige deltok i leiteaksjonen for å finne Maja Herner i fjor haust.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er eit veldig krevjande leiteområdet, det er eit alpint terreng som er bratt og vanskeleg å komme til, seier Sætre.

Mange teoriar

Det har florert fleire teoriar om kva som kan ha skjedd med den sakna. Nokre av vennane hennar starta ein innsamlingsaksjon for å engasjere ein privatdetektiv.

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL