Politiet meiner Maja døydde etter fall frå stor høgde

– Det er rimeleg å anta at dødsårsaka er knusningsskader etter fall frå stor høgde, seier Yngve Skovly i politiet. I dag fekk politiet svar på DNA-analysen etter Maja Herner.

Maja Herner og Saudehornet
Foto: Einar Orten Trovåg (NRK) og privat

DNA-analysen viste sikker identitet. Pårørande og den polske ambassaden er orientert om utviklinga i saka.

– Politiet har no fått stadfesta frå Gades Institutt i Bergen at DNA-analysen viser sikker identitet. Det er Maja Herner som er funne, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

I juni blei det funnen ein sko med beinrestar i området der Herner forsvann i 2018. Skoen skal ha vore same type som Herner hadde på seg da ho forsvann. DNA-analysen viste så at det var leivningar etter Herner som blei funnen 5. juni.

19. juni melde politiet om eit nytt funn i fjellpartiet Nivane ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre og trudde det var Maja Herner. Politiet venta på ein sikker identifikasjon, og no seier politiet at DNA-analysen viser sikker identitet.

– Det er rimeleg å anta at dødsårsaka er knusningsskader etter fall frå stor høgde. Likevel kan politiet ikkje konkludere med sikkerheit kva som var dødsårsaka enno, all den tid at ikkje alle leivningane er funne, seier Skovly.

Her leter mannskaper fra politi og Røde Kors etter levningene til den polske kvinnen Maja Herner som forsvant etter en fjelltur i Ørsta i november 2018

Her leiter mannskap frå politi og Røde Kors etter leivningar til Maja Herner.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil halde fram søket

Politioverbetjent Olav Ramnefjell opplyser at ikkje alle leivningar er funne og dei vil fortsetje søket.

– Vi vil halde fram med søk oppe under fjellpartiet Nivane. Vi ynskjer også å finne mobiltelefonen til Herner. Området er ulendt og planlegginga av korleis søk skal gjennomførast er i gang, seier Ramnefjell.

Polske Herner blei meldt sakna i november 2018 då ho ikkje kom tilbake etter ein fjelltur. Herner hadde flytta til Ørsta for å jobbe i eit vaskebyrå og hadde berre vore der i ei veke då ho forsvann. Det blei sett i gang ein rekke leiteaksjonar, men Herner blei aldri funnen, før det i juni 2020 blei gjort funn.

Møre og Romsdal politidistrikt rettar ein stor takk til alle som så langt har hjelpt til undervegs i leitinga.