Hopp til innhold

Trur dei har funne sakna Maja Herner

Politiet melder om eit nytt funn i fjellpartiet Nivane ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre. Polske Maja Justyna Herner har vore sakna sidan november 2018.

Fjellet Nivane der politiet mener Maja ligger

NYTT FUNN: Politiet melder om eit nytt funn oppe i fjellpartiet Nivane ovanfor Ørsta sentrum.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er grunnlag til å kunne seie at vi no har eit gjennombrot i leitinga etter den sakna
Maja Justyna Herner (25) frå Polen, skriv politiet i ei pressemelding fredag.

Maja Herner

Maja Herner blei meldt sakna etter ein fjelltur i 2018. No kan ho vere funnen.

Foto: Privat

Politiet opplyser at dei torsdag kveld fekk melding frå ein mann om eit nytt funn i fjellpartiet Nivane ovanfor Ørsta sentrum.

Dei har grunn til å tru at dette kan vere Herner, då den nye funnstaden ligg i nærleiken av det fyrste funnet av leivningar som blei gjort den 5. juni.

Forsvann i 2018

Polske Herner blei meldt sakna i november 2018 då ho ikkje kom tilbake etter ein fjelltur.

Herner hadde flytta til Ørsta for å jobbe i eit vaskebyrå og hadde berre vore der i ei veke då ho forsvann. Bilen til Herner blei funnen parkert ved ein populær turveg opp mot fjellet Saudehornet. Det blei lenge trudd at Herner kunne ha gått ein tur i retning fjellet. Telefonen hennar blei også registrert i dette området før ho forsvann.

Røde Kors leter etter den savnede Maja Herner.

Det har blitt gjennomført ein rekke søk etter Maja Herner etter at ho forsvann i 2018. No kan ho vere funnen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det blei sett i gang ein rekke leiteaksjonar, men Herner blei aldri funnen. Også i 2019 blei det sett i gang søk etter den polske kvinna. Men også desse blei resultatlause. Forsvinninga har prega bygda dei siste åra.

5. juni i år blei det gjort det første funnet i saka. Då gjorde den erfarne fjellmannen Odd Staurset frå Ørsta funn av ein sko med beinrestar. Skoen var lik den som Herner hadde på seg då ho forsvann. Beinresten blei sendt inn til DNA-analyse og politiet sin teori var då at Herner kunne ligge under snøen.

DNA bekrefta identitet

Tysdag denne veka opplyste politiet at DNA-analyser bekrefta at det var leivningar etter Herner som blei funnen i fjellterrenget Nivane over Ørsta 5. juni. Det blei gjennomført eit mindre søk onsdag denne veka. Dei siste dagane har snøen i området smelta ytterlegare slik at meir av terrenget no blei avdekt.

Politiet fortel at funnstaden, som ligg mellom 750 og 800 moh., er i same området ved Nivane som dei har undersøkt den siste tida. Det vil i dag bli gjennomført undersøkingar der og vidare oppover i fjellsida.

– På grunn av dette vil det verte helikoptertrafikk for å få mannskap inn. Det blir også planlagt for transport ut av terrenget, seier politiet.

Her leter mannskaper fra politi og Røde Kors etter levningene til den polske kvinnen Maja Herner som forsvant etter en fjelltur i Ørsta i november 2018

I starten av juni blei det sett i gang fleire søk etter at ein sko med ein beinrest blei funnen i fjellet ovanfor Ørsta sentrum. Mykje snø i fjellet gjorde leitearbeidet vanskeleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ventar på sikker identifikasjon

Politiet opplyser at dei ventar på ein sikker identifikasjon før dei kan bekrefte endeleg at funnet er sakna Maja Herner.

– Slik det er ved slike funn skal det også følgjast opp med ein ny DNA-analyse. Det er først då politiet kan fastslå sikker og endeleg identitet, seier dei.

Dei pårørande og den polske ambassaden er varsla og har fått orientering om utviklinga i saka.