Hopp til innhold

Har vore sakna sidan november: Polsk detektivbyrå vil undersøke fleire teoriar om Maja Herner

Det polske detektivbyrået Lampart seier dei ønskjer å sjå på fleire teoriar om den sakna Maja Herner. Politiet vil ikkje kommentere arbeidet til byrået.

Maja Herner

FRAMLEIS SAKNA: Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta på Sunnmøre etter at ho skal ha gått seg ein tur mot fjellet onsdag 21. november. Fire veker seinare er Herner framleis sakna.

Foto: PRIVAT OG ROAR STRØM, NRK

Då 25 år gamle Herner hadde vore sakna i to veker starta vennene hennar ein innsamlingsaksjon for å få sende polske detektivar til Ørsta, der Herner vart meldt sakna onsdag 21. november då ho skal ha gått ein tur i fjellet. Forsvinninga utløyste ein større leiteaksjon, og trass i at ho ikkje har blitt funnen, er politiet sin hovudteori at ho er i fjellområdet ved Saudehornet.

Ikkje vore i Norge

Så langt har ikkje detektivane vore i Norge, men seier dei har jobba med det dei kallar alternativ etterforsking frå Polen.

Detektivbyrået Lampart oppgir ikkje å ha konkrete haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt. Dei seier til NRK at dei har prøvd å kartlegge kva Maja Herner kan ha gjort fram mot ho forsvann, og at dei ønskjer å bidra med det dei kan for å undersøke alle spor, også det som ikkje handlar om hovudteorien.

Dette har dei gjort mellom anna gjennom å studere aktiviteten på mobiltelefonen Herner skal ha hatt med seg. Til dømes har dei sett på kven ho kan ha hatt kontakt med, kven ho kan ha møtt og korleis rørslene hennar har vore i Ørsta.

Saudehornet

I desember kome mykje snø på Saudehornet i Ørsta.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

I ein mail til NRK skriv dei at dei jobbar med fleire alternative teoriar, mellom anna å undersøke om Maja Herner kan ha møtt nokon i turområdet i Ørsta der ho starta fjellturen frå.

Byrået seier dei sjekkar aktiviteten på mobiltelefonen og viser elles til at Maja Herner ikkje hadde på seg varme klede då ho skulle på tur. Skulle ho ha gått til Saudehornet meiner dei det hadde vore meir logisk at ho var godt kledd.

Vil ikkje kommentere

Politiet i Møre og Romsdal vil ikkje kommentere arbeidet til byrået, men er ikkje usamde i at alle spor er viktige i ein tidleg fase av ei forsvinning.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

– I etterforskinga vil ein del av politiet sitt arbeid vere å kartlegge den sakna sine rørsler og kontaktar den siste tida før ho gjekk på fjellet. Å hente inn digitale spor og gå gjennom desse er også ein sentral del av politiet sitt arbeid, seier etterforskingsleiar og politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Lampart skal ha meldt alt materialet sitt til politiet i Norge. Men byrået seier at politiet, til deira skuffelse, har avslutta kontakten etter denne korrespondansen.

– Ikkje formell kanal

Politiet bekreftar at dei har blitt kontakta av Lampart.

– Tilbakemeldinga til desse er at norsk politi må halde oss til dei formelle kanalane for samarbeid mellom ulike lands politimyndigheiter. Det finst klare retningslinjer for samarbeid og kven vi skal ha kontakt med internasjonalt, seier Inger Myklebust Ferstad.

Politiet held fast på at dei held alle teoriar opne i saka. Men dei har ingen mistankar om at det har skjedd noko kriminelt.

Saudehornet m.m.

Politiet reknar med at Maja Herner skal ha gått i retning det 1303 meter høge Saudehornet, men ifølgje det polske detektivbyrået er det ikkje sikkert at Herner skal ha gått så langt.

Foto: Skjermdump

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL