Hopp til innhold

Forskarane skal finne ut kvifor lakseelvane er tomme

SYKKYLVEN (NRK): Laksen er nesten utrydda i fleire elvar på Sunnmøre, og det har blitt strengt forbode å fiske. No betalar oppdrettsselskap forskarar for å finne ut om dei har skulda.

Aureelva i Sykkylven

Bestanden av laks og sjøaure er drastisk redusert i fleire vassdrag på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Der det før var eit lakseeldorado, er tilstanden dramatisk. I enkelte elvar på Sunnmøre finst det nesten ikkje fisk, og fleire stader er det stengt for fiske.

Både fiskarar og forskarar klør seg i hovudet over kvifor talet på laks og aure har minka drastisk.

– Det er tusen meiningar om kvifor det er lite laks, seier Stein Kristian Valdal. Han er leiar for Lakseelvene på Sunnmøre. Han meiner situasjonen er kritisk.

No håper han at eit forskingsprosjekt skal gjenreise Sunnmøre som ein av landets fremste laksedestinasjonar.

Forskar i Aureelva

Laksen i Aureelva blir radiomerkt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Lakselus og oter

I Aureelva står dykkarar med hov og fangar fisk. Denne elva er ei få på Sunnmøre der det framleis er laks. Laksen skal no radiomerkast, for å finne ut kva som er problemet.

– Det er ikkje berre eitt svar. Det kjem til å vere mange svar og det er ulikt frå elv til elv, seier forskar Marius Kambestad i Norce.

I ei elv kan lakselusa vere problemet, i ei anna kan det vere oteren eller fysiske inngrep i elva.

Roger Hofseth

Roger Hofseth i Hofseth Aqua vil ha svar på kvifor villaksen forsvinn.

Foto: Remi Sagen / NRK

Oppdrettselskap betalar forsking

Oppdrettsbransjen får ofte skulda for at villaksen forsvinn. No går oppdrettsselskapet Hofseth Acua inn med 10 millionar kroner i forskingsprosjektet.

– Laksenæringa har fått mykje kritikk, men det manglar forsking. Det er det vi vil sponse her for å finne ut kva svaret er, seier Roger Hofseth. Han er administrerande direktør i Hofseth Aqua.

Han meiner det er viktig å finne ut om det er dei som er skuldige.

– Det siste vi vil er å skade villaksen, seier Hofseth.

Vil at unge skal få oppleve fiske

Dei neste sju åra skal 30 vassdrag kartleggast. Ifylgje forskarane er det ikkje gjennomført eit så omfattande prosjekt før, konsentrert i eìn region.

Stein Kristian Valdal seier at fisket betyr mykje for bygdene, reiselivet og turisme. Håpet hans er at bestanden skal ta seg opp att.

– Vi vil jo gjerne at neste generasjon også skal få moglegheit til å fiske, seier Valdal.

Jan Melseth og Stein Kristian Valdal i Lakseelvane på Sunnmøre.

Jan Melseth og Stein Kristian Valdal i Lakseelvene på Sunnmøre håper at bestanden skal ta seg opp att.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL