Hopp til innhold

Ny rapport: Kritisk for villaksen

Talet på norsk villaks i havet er meir enn halvert sidan 1980-talet. Forskar kallar dei nye tala dramatiske, og seier vi berre kan håpe at nok fisk overlever til å unngå tomme elver.

Arne Jørrestol. Forskningsfangst på Agdenes i Trondheimsfjorden

FORSKINGSFANGST: Arne Jørrestol var tidlegare yrkesfiskar. No driv han forskingsfangst i Trondheimsfjorden, og må sleppe laksen ut igjen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Statusen for 2020 viser nemleg at villaksen framleis slit. Dei største truslane er rømde oppdrettslaksar og lakselus, men naturinngrep, pukkellaks og infeksjonar har òg påverknad på bestanden.

Arne Jørrestol driv forskingsfangst på Agdenes i Trondheimsfjorden. Han dreg opp ein villaks som skal sjekkast og merkast.

– Dette er nummer 244 i år. Som du ser har den beiteskadar etter lus.

Lakselus gjer at fleire villaksar døyr i stadig større delar av landet. Talet på bestandar som er kritisk trua har auka, skriv Vitenskapelig råd for lakseforvaltning i den ferske rapporten sin.

Oppdrettslaksen lever i område der lakselusene trivst. Den store tettleiken av fisk i merdane gir veldig gunstige forhold for lusa.

rømt oppdrettslaks

RØMD LAKS: I 2019 vart det produsert nesten 1,4 millionar tonn oppdrettslaks i Noreg. Dette er nokon av dei som rømde.

Foto: Anton Rikstad / Fylkesmannen i Trøndelag

Ein kvart million oppdrettslaksar på rømmen i 2019

Rapporten «Status for norske laksebestandar i 2020» viser at talet på gytefisk som kom tilbake frå havet i 2019 var lågt. Særleg har det vore ein nedgang i Midt-Noreg og på Vestlandet og dessutan i Tanavassdraget. Men lakselusa har gitt auka døyelegheit i stadig større delar av landet.

Oppdrettslaksen står for fleire av dei største truslane mot villaksen. Det vart rapportert 276.000 rømde laksar i 2019. Tidlegare studier fra Havforskingsinstituttet har vist at den urapporterte rømminga ofte er mykje høgare.

Fordi rømd laks går opp og gyter i elvar over heile landet, har det skjedd ei innblanding med villaksen i minst 150 laksebestandar. Denne «blandingslaksen» har raskare vekst enn villaksen, og kan fortrengje sistnemnde frå oppvekstområda.

Torbjørn Forseth

LUSA SPREIER SEG: Lusepresset frå Vestlandet brer seg nordover og inn i fjordane i Trøndelag, seier seniorforskar ved Nina, Torbjørn Forseth.

Foto: Anne Olga Syverhuset / NINA

– Denne trusselen ligg framleis på topp, saman med lakselus, seier seniorforskar ved Nina, Torbjørn Forseth.

Lusepresset brer seg

– Lakselus er vurdert som den største trusselen mot norsk laks. Vitskapsrådet vurderer tiltaka som blir gjennomførte som utilstrekkelege, heiter det i rapporten.

Det haustbare overskotet i Midt-Noreg gjekk markant ned frå 2018 til 2019. I Hardangerfjorden, Sognefjorden og Sunnmørsfjordene er situasjonen kritisk.

– Over 30 prosent av smolten døyr, og vi ser kritisk låge gytebestandar i desse områda, seier Forseth.

Nedgangen i laksebestandane har skjedd trass i eit betydeleg redusert fiske, både i sjø og elv. I 2019 var 110 laksevassdrag stengde for laksefiske.

Villaks med lakselus

LAKSELUS: Døme på villaks med lakselus. Lusene har gode vilkår i oppdrettsmerdane, og smittar til villaksen i sjøen.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Nokre få positive funn

Det finst òg lyspunkt:

  • Regulering av fisket gjer at mange elver har fått tilbake laksen, eller opplevd ein auke.
  • I perioden 2016–2019 hadde 92 prosent av dei vurderte laksebestandane nådd eller nær nådd forvaltingsmåla.
  • I Nord-Noreg (utan Tanavassdraget) har innsiget av laks vore relativt stabilt etter 1989, medan innsiget til Sør-Noreg har auka.
  • Vasskraftregulering gir i dei aller fleste tilfella reduserte laksebestandar, men med dagens forvaltningspraksis er det lite sannsynleg at dette vil føre til at nye bestandar blir kraftig redusert, kritisk trua eller tapt, står det i rapporten.
Arne Jørrestol. Forskningsfangst på Agdenes i Trondheimsfjorden.

BEITESKADAR: Ein fin villaks teke i Agdenes i Trondheimsfjorden – men også denne har beiteskadar av lakselus.

Foto: Stein Lorentzen / NRK