NRK Meny
Normal

Folkefest i Ålesund

Torsdag ettermiddag var det klart for mannskapsparade og prisutdeling under Tall Ships Races i Ålesund.

Mannskapsparade

Skydekket letta og sola kom fram i tide til mannskapsparaden gjennom Ålesund sentrum torsdag ettermiddag. Mange hadde tatt turen for å få med seg paraden som gjekk frå Ålesund kyrkje, og gjennom gatene i Ålesund.

Mannskapa frå alle skipa deltok i paraden, før det var duka for prisutdeling på Rådhusplassen.

Les alt om The Tall Ships’ Races i Ålesund her.

Og dette var vinnarane av

Det var «Fryderyk Chopin» som vant Tall Ships Races-etappen frå Belfast til Ålesund samanlagt.

Best i klasse B var seglskuta «Wyvern», og «Ocean Spirit of Moray» vant klasse C, mens «Urania» blei best i klasse D.

Her kan du lese og sjå fleire høgdepunkt frå årets Tall Ships Races:

«Ocean Spirit of Moray» fra Skottland
Ålesund under The Tall Ships Races
Seglskutefest med godt besøk i regnveret. To hundre tusen er venta til The Tall Ships Races i Ålesund.