Hopp til innhold

Døypte Ava på Statsraad Lehmkuhl

Vesle Ava vart døypt i Ålesund under The Tall Ships Races, og då passa det aller best for familien å ha dåpen på Statsraad Lehmkuhl.

Ava døypt på Statsraad Lehmkuhl

DØYPT: Vesle Ava med foreldra Ruben Dyb og Maria Taxbro, og sokneprest på Valderøya, André Sjåvåg. Dåpsbarnet var roleg under heile dåpen på Statsraad Lehmkuhl.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Statsraad Lehmkuhl

DÅPSLOKALE: Statsraad Lehmkuhl vart staden der Ava vart døypt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er heilt fantastisk å få døype dottera vår om bord på denne båten. Det passar veldig bra fordi alle i familien jobbar på båt, seier far til dåpsbarnet Ava, Ruben Dyb.

– Alle er glad i denne båten. Den er jo kjempeflott, seier mor til Ava, Maria Taxbro.

Tilfeldig val av lokale

Det var første gong sokneprest Andre Sjåvåg på Valderøya døypte eit barn om bord på ei seglskute, og det var litt tilfeldig at dei blei slik.

Sokneprest André Sjåvåg på Valderøya

FØRSTE GONG: Då Ava vart døypt var det første gongen sokneprest André Sjåvåg døypte eit barn om bord på ei seglskute.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bestefaren til dåpsbarnet er fiskeskipper, og hadde sett opp rutene for lossing og avreise utan å tenke på at det kanskje skulle vera dåp på ein sundag.

– Han spurte meg om me kunne ha dåpen på ein fredag i kyrkja, men det sleit eg med og sa nei til, for eg ville at dåp skulle høyre med i ein kyrkjelydssamanheng, seier Sjåvåg.

Dåp for Ava

GOD PLASS: Statsraad Lehmkuhl hadde god plass til heile familien til Ava.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Dagen etter fekk Sjåvåg ein telefon der han fekk spørsmål om han kunne ha ei økumenisk gudsteneste på Statsraad Lehmkuhl, og soknepresten fekk ein god idé.

– Då tenkte eg at dåp er noko av det mest økumeniske me har, for me anerkjenner kvarandre sine dåpar i forskjellige kyrkjesamfunn. Difor vart det dåp på Statsraad Lehmkuhl, seier han.

Dåp for sjømannsfamilie

Heile familien møtte fram på Statsraad Lehmkuhl, og mange kom rett frå sjøen berre dagar i førevegen. At det vart dåp på ei seglskute passa difor ypparleg.

– Det har seg slik at faren er skipper på linebåt, og min pappa har alltid vore glad i The Tall Ships Races, og har vore aktiv der. Difor er det ekstra spesielt at me fekk feire dagen her, seier mora Maria Taxbro.

Nils Peter Taxbro

STOLT: Morfaren Nils Peter Taxbro blei svært rørt då barnebarnet vart døypt om bord på ei seglskute, under The Tall Ships Races.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

For morfaren Nils Peter Taxbro var det nok ekstra rørande at det var akkurat denne dagen som vart dåpsdagen til Ava.

– Dette var veldig spesielt, og kult. Me har The Tall Ships Races, me har atmosfæren og familien er jo knytt til Tall Ships og Cutty Sark. At dette enda slik er prikken over i-en, seier han.

– Det er rørande, seier han.

  • SJÅ VIDEO:
    Under The Tall Ships Races i Ålesund vart Ava døypt på Statsraad Lehmkuhl.

    SJÅ VIDEO: Ava vart døypt på Statsraad Lehmkuhl under The Tall Ships Races i Ålesund.

I sitt rette element

Med mange sjømenn i familien så var det kanskje ikkje rart at dåpsbarnet heldt seg roleg under heile dåpen, sjølv då soknepresten bad gjestane om å ta ekstra i når dei skulle synge.

Foreldra var godt nøgde etter dåpsseremonien, og trudde nok at vesle Ava var i sitt rette element på seglskuta.

Ruben Dyb, Ava Dyb Taxbro, og Maria Taxbro.

STOLTE: Ruben Dyb og Maria Taxbro var stolte av å få døype Ava under The Tall Ships Races.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det kunne ikkje gått betre. Sjåvåg er heilt fantastisk, så det kunne ikkje bli anna enn bra når han hadde gudstenesta, seier Maria Taxbro.

– Eg er kjempestolt. Det kunne ikkje gått betre. Men, eg synest sola kunne komme fram litt, seier Ruben Dyb.

Med ein dåp vel gjennomført, så skulle dåpen feirast vidare på Giske.

– No blir det 30 personar til middag, og 60 personar til kake og kaffi. Med skikkeleg Sunnmørs-bord og ordentleg kakebord, seier Maria Taxbro.

  • HØYR SAKA: