Hopp til innhold

Ønsker ny seglskutefestival i 2022

Arrangøren av The Tall Ships’ Races slår fast at folkefesten var ein suksess.

Tall Ships Races over

Sjå tv-saka: Prosjektleiar for Tall Ships Races, Albert E. Gjørtz, er fornøgd med arrangementet. Foto/redigering: Berge Myrene.

Foto: Sigtor Kjetså / NRK

Måndag var det klart for nedrigging etter The Tall Ships’ Races i Ålesund, og byen skal tilbake til normalen etter den store folkefesten.

Albert Gjørtz

Prosjektleiar for Tall Ships Races, Albert E. Gjørtz, håpar på ein ny seglskutefestival i 2022.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Frivillige og arrangøren er fornøgde med arrangementet, men innrømmer at det er vemodig at det no er over.

– Det er klart det er trist å ikkje sjå alle desse flotte seglskutene lenger, men slik er det dessverre berre, seier prosjektleiar for Tall Ships Races, Albert E. Gjørtz.

No ønskjer arrangøren seg ein ny skutefestival i Ålesund i 2022.

– Eg både håpar og trur det blir eit ny festival, seier Gjørtz.

Vellykka arrangement

Prosjektleiaren er ferdig med ei travel periode, men understrekar at seglskutefestivalen i Ålesund har vore ein suksess.

Tall Ships Races i Ålesund

Publikum koste seg i bygatene under skutefesten i Ålesund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Når du ser det folkelivet som har vore, så meiner eg at det er positivt både for næringslivet og handelsstanden, seier Gjørtz.

Han meiner at arrangement som The Tall Ships’ Races bidreg til å sette Ålesund på kartet.

– Vi får moglegheita til å vise fram både byen og regionen på ein god måte, seier han.

Seilskutene drar fra The tall ships races i Ålesund.