NRK Meny
Normal

STS «Mir» er på plass i Ålesund

Ei av verdas største seglskuter kom til Ålesund tysdag kveld.


Ei av verdas største seglskuter kom til Ålesund tysdag kveld.

Sjå videoen: STS «Mir», ei av verdas største seglskuter, har kome til Ålesund.

STS «Mir» er den mest premierte seglskuta i The Tall Ships’ Races-samanheng.

Like etter klokka 19:00 tysdag var seglskuta framme i Ålesund. Fleire fritidsbåtar følgde STS «Mir» det siste stykket inn mot hamna, og på land hadde mange møtt opp for å ta imot skuta.

Seglskuta er eit russisk skoleskip med tre master. Det vart bygd på Lenin-verftet i Gdansk i 1987, som eitt av totalt seks søskenskip.

Den polske seglskutekonstruktøren Zygmunt Khoren teikna skipet.

Namnet «Mir» betyr fred.