Hopp til innhold

Hugsar du dette frå førre seglskutefest?

Medan seglskutefesten The Tall Ships’ Races går av stabelen i Ålesund i desse dagar, så er det mange som hugsar «Cutty Sark» i Ålesund i 2001. Då seglskutene kom inn til byen var det ein stor folkefest, den gongen også.

Opninga av Cutty Sark i Ålesund i 2001.

SJÅ SAKA: Opninga av Cutty Sark i Ålesund i 2001 kunne by på seglskuter, song, og fest. Arrangementet var det største nokon gong i Ålesund. Reporter: Sissel Brunstad. Foto: Christian Juliebø og Brede Røsjø.

Dei danka ut 66 andre seglskuter, og vart dei første over mållinja. Dermed vart det heimesiger for Møre og Romsdal då seglskuta Longobarda segla inn under Cutty Sark i Ålesund for 14 år sidan.

Det vart heimesiger for Møre og Romsdal i 2001, då seglbåten Longobarda frå Langevåg var den første som passerte mållinja utanfor Svinøy fyr.

SJÅ SAKA: I 2001 vart det heimesiger for Møre og Romsdal under Cutty Sark. Reporter: Bibbi Kjølås. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.

Trafikk-kork

I 2001 vart også store delar av Ålesund by stengt av då skipa segla inn. Trafikken stoppa opp, og bilistar stod i kilometer lange køar inn til byen.

I 2001 vart store delar av Ålesund by stengt av då skipa segla inn under Cutty Sark. Trafikken stoppa opp, og bilistar stod i kilometer lange køar inn til byen.

SJÅ SAKA: 60 bussar vart sett i pendeltrafikk mellom Moa og Ålesund, og med stengde gater stod trafikken. Finn Granlien var trafikkansvarleg for Cutty Sark, og møtte i studio for å snakke om trafikk-kaoset. Reporter: Sissel Brunstad. Foto: Brede Røsjø. Programleiar: Synnøve Hole.

Stripping

Under skutefesten i 2001 lova ein arrangør eit show som tilskodarane seint ville gløyme, og at det var stripping dei ville tilby var det mange som reagerte på.

– No ser eg også at nokon borti gata vil vise fram nakne damer. Ja vel, dei om det, sa styreleiar Knut Måseide i Cutty Sark.

Då Cutty Sark blei arrangert i Ålesund i 2001 var det mange reaksjonar på at det var strippeshow på Showhuset.

SJÅ SAKA: Nakne damer og billig øl skulle lokke ungdommar til ein utestad i gågata under Cutty Sark i Ålesund i 2001. Arrangørane av seglasen var mildt sagt lite glad for tiltaket frå ungdommane i Partyzone. Reporter: Pål Bakke. Foto: Tor Sivertstøl.

Dei norske skutene

Dei tre største norske seglskutene Sørlandet, Christian Radich, og Statsraad Lehmkuhl kom med motorkraft til Ålesund i 2001.

Dei tre største norske seglskutene Sørlandet, Christian Radich, og Statsraad Lehmkuhl kom med motorkraft til Ålesund. Folk som hadde ynskje om å komme om bord ville få høve til det.

SJÅ SAKA: Under Cutty Sark i 2001 kom seglskutene Sørlandet, Christian Radich, og Statsraad Lehmkuhl med motorkraft til Ålesund. Programleiar: Synnøve Hole. Foto: Christian Juliebø og Brede Røsjø.

Mannskapsparade

Fleire tusen menneske og meir enn 20 nasjonalitetar var representerte i mannskapsparaden under seglskutefesten sist den vart arrangert i Ålesund.

Under Cutty Sark i Ålesund i 2001 var fleire tusen menneske med på mannskapsparaden gjennom byen. Meir enn 20 nasjonalitetar var representerte.

SJÅ SAKA: Fleire tusen menneske, og over 20 nasjonalitetar. Cutty Sark i 2001 kunne by på ein imponerande mannskapsparade. Programleiar: Synnøve Hole. Foto: Christian Juliebø.

God stemning var det også under avslutningsfesten.

CUTTY-SLUTT-210701W-MR

SJÅ VIDEO: Det var god stemning under avslutningsfesten på Cutty Sark i Ålesund i 2001.

Jazz og seglas

Arrangørane bak Moldejazz og Cutty Sark i Ålesund var godt nøgde etter at dei to festivalane var over. Tusenvis av menneske strøymde til dei to byane.

Arrangørane bak Moldejazz og Cutty Sark i Ålesund var godt nøgde etter at dei to festivalane var over. Tusenvis av menneske strøymde til dei to byane, og begge arrangementa blei økonomiske suksessar.

SJÅ SAKA: Cutty Sark fekk ein kjempesuksess i Ålesund, og Moldejazz hadde også rekordstort billettsal. Reporter: Gunhild Sætre. Foto: Bernt Baltzersen.