Hopp til innhold

Éin million nordmenn har alt røysta ved Stortingsvalet

Aldri har så mange nordmenn førehandsrøysta så tidleg. No hastar det for politikarane å sikre seg veljarane sine.

Forhåndsstemming i Kristiansund

Det vart praktisk for Christianse Reitan å stikke innom førehandsrøysting på kjøpesenteret i Kristiansund sentrum. Ho er ein av éin million nordmenn som alt har røysta.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ei veke før valet har over éin million nordmenn førehandsrøysta, meir enn ein fjerdedel av dei med røysterett. Det stadfestar Valgdirektoratet til NRK. Det har truleg koronaen bidratt til.

– Det greitt å spreie det utover synest eg, alle treng ikkje røyste på valdagen, seier Christanse Reitan Yttervik.

Ho var og røysta på kjøpesenteret Storkaia i Kristiansund på måndag. Nordmørsbyen har flytta lokala til der folk er og handlar, i tillegg har dei utvida opningstida for førehandsrøysting.

– Det var veldig tilgjengeleg, eg kunne berre svippe innom i lunsjen og få det unnagjort, seier Yttervik.

Vil unngå kø på valdagen

Resultatet er at over 35 prosent alt har røysta her, og dei er blant dei fem byane med størst oppslutning til no.

– Det går over all forventing, det er mykje meir enn vi har hatt i heile førehandsrøysteperioden i 2017. Det er kjempeartig, seier Toril Skram, valansvarleg i Kristiansund kommune.

Toril Skram i Kristiansund kommune. Bysekretær og valgansvarlig.

Toril Skram er valansvarleg i Kristiansund kommune.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Kvifor er det så høgt, trur du?

– Det er fordi vi har lagt såpass godt til rette for det så det er tilgjengeleg for folk. Også trur eg kristiansundarane er veldig gode på smittevern og tenkjer på å fordele seg utover, seier Skram.

Kommunane er blitt oppfordra til å legge til rette for å unngå eit rush på valdagen. I 14-tida på måndag hadde 1.021.956 nordmenn røysta. Det er berre om lag 50.000 under alle førehandsrøystene ved valet i 2017.

Forhåndsstemming i Kristiansund

Silje Ranvik og Anna Husby frå Averøy stakk innom for å røyste. – Eg tenkte det var ein gyllen moglegheit å gjere det nok. Det er ganske enkelt og ikkje så mykje folk, seier Husby. (t.h.)

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Partia må tenkje nytt

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for Samfunnsforsking trur ikkje nødvendigvis valoppslutninga vil bli høgare sjølv om mange røyster tidlegare enn før. Men det vil kunne ha påverking på resultatet.

– Det kan påverke valet i den forstand at dei røysene som er gitt frå seg, kan ein ikkje endre. Så alt som skjer av utvikling frå i dag og fram til valdagen, vil naturleg ikkje bli fanga opp i desse røystene, seier Bergh.

Dei som har gjort det bra på meiningsmålingane i det siste kan dermed ha sikra seg viktige røyster.

Johannes Bergh

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

Sjølv om korona har vore ein ekstra faktor inn mot årets val, reknar forskaren at politikarane vil planlegge valkampen annleis på sikt.

– Før valet i år hadde ikkje førehandsrøysting så mykje å seie fordi mange av førehandsrøystene blei gitt frå seg mot slutten. Det verkar å ha endra seg, og det kan hende partia må begynne å tenkje nytt i neste omgang.

Ein kan førehandsrøyste til og med fredag 10. september. Stortingsvalet er måndag 13. september, samt også på sundagen i enkelte kommunar.

LES OGSÅ: Flere forhåndsstemmer: – Valgkampen kan bli mindre viktig