Hopp til innhold

No skal vindkraftmotstandaren på Stortinget

Birgit Oline Kjerstad (SV) har blitt landskjend i kampen mot åtte vindturbinar på Haramsøya. No blir ho stortingspolitikar.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Birgit Oline Kjerstad demonstrerte mot vindturbinar på Haramsøya. Her frå sommaren 2020.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Biletet av Birgit Oline Kjerstad som sit i vegbanen og grin om gitt av politi og demonstrantar har blitt eit ikon på vindkraftmotstanden på Haramsøya. 60-åringen og organisasjonen hennar tapte i retten to gongar og no er dei åtte vindturbinane på øya montert.

Det er nettopp vindkraftsaka som gjer at Kjerstad stilte som førstekandidat for SV og no er sikra ein plass på Stortinget.

– Det er engasjementet rundt vindkraftsaka som gjorde at eg blei endå meir oppteken av politikk enn eg var, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad

60-åringen jubla då dei blei klart at ho blei sikra ein plass på Mørebenken.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Var ikkje forgjeves

Sjølv om vindturbinane kom opp, meiner Kjerstad at saka ikkje var forgjeves. Ho meiner kampen folket på Haramsøya tok, har ført til endringar i vindkraftpolitikken.

– Vi tapte denne saka, men vann ein annan kamp. Vi fekk sett fokus på prosessane som ikkje var gode nok, seier Kjerstad. Ho seier at folk no er klare for å gå vidare.

No skal også ho omstille hovudet til å starte i ny jobb som stortingspolitikar. Ho blir SV sin einaste kandidat frå Møre og Romsdal.

– Det er no jobben startar for meg på alvor, seier Kjerstad. Ho har ei god magekjensle på at det skal gå bra.

Og vindkraftsaka skal ho ta med seg som lærdom inn i den nye jobben.

– Eg vil påverke til å gjere grundige innhentingar av kunnskap før ein hoppar på å gjere vedtak, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjerstad er inne på eit utjamningsmandat. Der er små, teorietiske moglegheiter for at dette kan ryke for Kjerstad.

Partioppslutning: Møre og Romsdal

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning