Hopp til innhold

Foreslår at turistar må betale for å besøkje den verdskjende strekninga

Trafikktryggleiken må betrast, men då må ein også ha pengar. No blir det foreslått å innføre ei avgift for besøkjande på Trollstigen.

Trollstigen

TURISTSKATT: Besøkjande kan måtte betale for å oppleve den eventyrlege vegstrekninga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Skal du køyre over den bratte, svingete strekninga i framtida, kan det hende du må betale. Men berre om du er turist.

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår nemleg at Trollstigvegen skal bli ein pilot for å ta imot det dei kallar «besøksbidrag», altså turistskatt.

Pengane skal gå til å finansiere betring av trafikktryggleiken langs fylkesveg 63.

– Det er krevjande for ein liten fylkeskommune, som vi trass alt er i Møre og Romsdal, å drive tilrettelegging for den nasjonale turismen. Då må vi tenkje kreativt og godt på korleis vi kan finansiere tilrettelegginga for turismen, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen trur ikkje ei avgift vil påverka trafikken.

Foto: Ingvild Dverseth Sæter

Eit forprosjekt

Årsaka til at dette vart eit forslag, er fordi det i Hurdalsplattforma står at regjeringa vil «sikre lokal verdiskaping og tilrettelegging ved å gi kommunar moglegheit til å innføre besøksbidrag. Det skal raskt setjast i gang eitt eller fleire pilotprosjekt, til dømes i Lofoten, basert på lokalt initiativ».

– Vi tenkjer det også kan vere aktuelt å gjere ved Trollstigen, seier Tønnesen.

I forslaget frå fylkeskommunedirektøren foreslår dei ei avgift på 150 kroner per køyretøy. Med omtrent 160 000 passeringar av køyretøy kvar sesong, vil det gi ei årleg inntekt på omtrent 24 millionar kroner.

Tønnesen fortel at dei vil setje i gang eit forprosjekt, for å finne både ei teknisk løysing på trafikktryggleiken ved Trollstigen, men også ei finansiell løysing.

Vi må ha med oss bransjen og alle dei gode hovuda på å finne ut korleis vi skal gjere dette. Då treng vi å ha eit forprosjekt, og det vil ta ei stund å køyre det prosjektet.

Trollstigen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Slepp å betale

Dei som skal sleppe å betale, er dei som bur langs strekninga mellom Geiranger og Sogge bru i Rauma på fylkesveg 63.

Også i 2019 fremja fylkeskommunen eit forslag om å innføre turistskatt på denne vegen.

Bakgrunnen for forslaget var ein rapport frå 2018 som viste at Trollstigen var farlegare enn ein hadde trudd.

Trollstigen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Trur ikkje færre vil besøke

Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordmøre og Romsdal, seier det er eit interessant forslag fylkeskommunedirektøren kjem med, men at det er vanskeleg å seie om det vil påverka trafikken.

Torunn Dyrkorn, Visit Norhtwest

Torunn Dyrkorn ved Visit Nordmøre og Romsdal seier det er vanskeleg å seie om avgifta vil påverka trafikken.

Foto: Eline Karlsdatter Fladseth /

– Andre plassar kor det er bomvegar, kjem folk likevel. Men her er det noko som blir innført på ein eksisterande attraksjon, så det veit ein jo ikkje effekten av, seier ho og legg til:

– Men får ein testa det ut for ein prøveperiode, er det interessant å sjå om det er ein fin måte å få finansiert det som manglar langs strekninga.

Fylkesvegsjefen trur ikkje ei avgift vil føre til at færre besøkjer Trollstigen.

Vi tenkjer heller motsett. Det kan bidra til at ein får ei betre tilrettelegging. Det kan vere med på å auke opplevinga og attraktiviteten til området, seier Tønnesen.

Fylkestinget i Møre og Romsdal skal avgjera om det blir innført avgift 17. oktober.

Les også Snøras har fylt kafebygget på Trollstigen – opninga av turistikon blir utsett

Trollstigen kafé truffet av snøras