Hopp til innhold

Snart kan du måtte betale for å oppleve Trollstigen

Trollstigen treng rassikring om han skal bestå som turistattraksjon. Men det finst det ikkje pengar til. Løysinga kan bli den kontroversielle turistskatten.

Trollstigen

TROLLSTIGEN: Den spektakulære vegen i Rauma i Romsdal er eit av dei mest populære turistmåla i Norge og trekkjer til seg tusenvis av turistar frå inn- og utland kvar sommar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Forslaget kjem frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som leitar med lys og lykter for å finne pengar til rassikringstiltaka som trengst for å halde Trollstigen open gjennom turistsesongen.

– Eg kjenner ikkje til at nokon har innført turistskatt i Norge tidlegare, men alle tankar må tenkast, seier Per Ove Nydal, seksjonsleiar for infrastruktur i fylkeskommunen.

– For høg risiko

Bakgrunnen for den spesielle saka er ein rapport frå i fjor haust som viser at Trollstigen er langt farlegare enn ein tidlegare trudde.

Trafikk Trollstigen

Bilar i kø på Trollstigen er ikkje uvanleg i turistsesongen.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Rapporten syner enorme steinblokker som kan utløyse store skred over den nasjonale turistvegen, som også er svært kjent i utlandet.

– Det går mange steinsprang. Skulle ein ha bygd Trollstigen i dag ville store delar av han gi uakseptabel risiko både i mai, juni og juli. Mindre delar av Trollstigen ville ha hatt for høg risiko fram til oktober, fortel Nydal.

Og derfor vil vegvesenet snarast starte radarovervaking, slik dei har ved det rasutsette fjellet Mannen, også det i Rauma kommune.

Ingen ny diskusjon

Men Møre og Romsdal har brukt rassikringsmidlane dei får frå staten på andre rasutsette strekningar.

Og derfor må det tenkast kreativt.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim i Senterpartiet opnar for å finansiere rassikringstiltak gjennom turistskatt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Alternativet kan bli å opne Trollstigen seinare på året når risikoen for ras er mindre. Det vil i tilfelle gå hardt utover reiselivet, seier Kristin Sørheim (Sp), leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Ho viser til at diskusjonen om turistskatt ikkje er ny.

– Både i fleire kommunar i Møre og Romsdal har ein diskutert ei slik løysing. Det same har Flåm og ein verdsarvstad som Nærøyfjorden, seier Sørheim.

Motstand frå Frp

Men forslaget om turistskatt blir ikkje like godt motteke av alle.

– Dette er «greinalaust». Men vi har mange skatteparti i Møre og Romsdal også. Og det vil ikkje forundre meg om dei vil flå innbyggjarane og turistane endå meir. Men det vil skuffe meg, seier Frank Sve, Framstegspartiet sin gruppeleiar på fylkestinget.

Frank Sve

Frank Sve i Framstegspartiet er sterkt imot turistskatten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han meiner ein «rasskatt» er stikk i strid med nasjonale føringar.

– Vi får pengar frå staten til rassikring. Desse pengane går no til andre vegar. Men det er ingen grunn til at ikkje Møre og Romsdal sjølve kan bruke eigne pengar på rassikring, slik andre fylke gjer, seier Sve.

Det alle derimot er einige om er at det trengst tiltak for rassikring i Trollstigen snarast råd.

– Vi kan ikkje sitje rolege og sjå på utan å gjere tiltak. Det hastar, seier Kristin Sørheim.

– Rasfaren er openberr. Der går steinsprang heile tida. Eg innrømmer at eg sjølv køyrer fort forbi enkelte parti i Trollstigen når eg er der, seier Frank Sve.

Andreas Rydberg ser utover Trollstigen

Å nyte den vakre utsikta over Trollstigen kan i framtida koste pengar. Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal skal ta stilling til saka 6. mars.

Foto: Roar Strøm / NRK