Hopp til innhold

Rapport viser større skredfare enn venta: Trollstigen kan bli den nye Mannen

Eit av Norges mest besøkte turistmål kan vere farlegare enn venta. Vegvesenet må snarast starte radarovervaking av Trollstigen – på liknande måte som ved Mannen.

Trollstigen

Den spektakulære vegen i Rauma i Romsdal trekkjer til seg tusenvis av turistar frå inn- og utland kvar sommar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Både Mannen og Trollstigen ligg i Rauma kommune i Romsdal. Det rasutsette fjellpartiet Veslemannen har fått spesielt stor merksemd dei fire siste åra med stadige evakueringar.

Den spektakulære Trollstigen er eit av landets mest besøkte turistmål.

Andreas Rydberg ser utover Trollstigen

Fantastisk utsikt over Trollstigen.

Foto: Roar Strøm / NRK

No viser det seg at Trollstigen kan vere mykje meir skredutsett enn kva ein har trudd til no. Ein ny rapport syner enorme steinblokker som kan utløyse store skred over den nasjonale turistvegen.

«Skredfaren overgår akseptabel risiko», står det i rapporten NRK har fått tilgang til.

Radarovervaking

Derfor vil Statens vegvesen snarast starte radarovervaking av Trollstigen.

Halgeir Dahle

Halgeir Dahle i Statens vegvesen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det kan kome store steinsprang som utgjer ein større fare enn det vi ønskjer å ha på vegnettet, seier Halgeir Dahle, ingeniørgeolog i Statens vegvesen.

Han er ein av dei som har laga rapporten om den nye naturfarevurderinga av Trollstigen.

– Per i dag har vi ingen måtar å måle rørslene i fjellet på. No brukar vi berre trena auge. Derfor vurderer vi radarovervaking, slik som ved Mannen, seier Dahle.

Dronefoto av Trollstigen

Det var mellom anna gjennom dronefoto vegvesenet gjorde nye vurderingar av Trollstigen.

Foto: Halgeir Dahle / Statens vegvesen

Vil ikkje ha Mannen-situasjon

Også politikarane i Møre og Romsdal blir uroa etter å ha sett den ferske rapporten. Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet, håper dei får med seg staten på å gjere sikringsarbeid, sidan dette er ein nasjonal turistveg.

– Der står bussar og bilar i kø. Folk er ute og fotograferer. Det kan få store alvorlege, konsekvensar dersom det går eit ras, seier Sørheim.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ho meiner det enklaste tiltaket er å stenge vegen, men det er ikkje ønskjeleg.

– Vi vil ikkje ha ikkje ein situasjon som ved Veslemannen, der det blir stengt ein dag og ope den neste. Å stengje vegen her vil dessutan råke fleire enn det gjer ved Mannen, seier Kristin Sørheim, og siktar til at det bur 11 personar ved det rasutsette fjellpartiet.

I Trollstigen kan det vere tusenvis av personar dagleg i høgsesongen.

Turistverten er bekymra

Det vart sett turistrekordar i Trollstigen i år. I sommarsesongen vart det målt knappe 1400 køyretøy i snitt per dag, ein oppgang frå toppsesongen 2016. Den beste enkeltdagen i år, 26. juli hadde over 2600 køyretøy.

Edmund Meyer

Turistvert ved Trollstigen, Edmund Meyer, også kalla «Mr. Trollstigen».

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sist veke vart vegen faktisk opna igjen, grunna det milde klimaet. Det har aldri skjedd tidlegare så seint på året.

Ingen ønskjer å skremme turistane vekk frå Trollstigen, men turistvert på Trollstigen, Edmund Meyer, er bekymra over situasjonen.

– Eg er ikkje forundra over rapporten. Det er eit område med frost, vatn og smelting. At fjellet derfor rører på seg og det losnar blokker, det er ikkje overraskande. No må det gjerast tiltak, seier Meyer.

Mannen

Få fjell har fått så mykje merksemd som Mannen i Rauma. Det rasutsette fjellpartiet Veslemannen blir kontinuerleg overvaka. No skjer sannsynlegvis det same med Trollstigen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL